Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Storspel mot Kaupanger



Frispark mot Kaupanger frå kampen tidlegare i haust (arkiv)
Foto:

Gutelaget varta opp med festfotball på Kreklingen i kveld. Og ein debutant fekk vist seg fram

 

Eg har alltid sagt at kampar som vert vunne med mange mål, ikkje er allverda sett opp i mot jamne og spennande kampar. Etter førestillinga i kveld må eg revurdere den oppfatninga litt, for her fekk vi sjå prestasjonar som må varme eit kvart fotballhjarte.

I kveld hadde vi tre forfall og var framleis 17 spelarar! Ein ny gutespelar fekk også sin debut i kveld. Oline Lønning - og ho gjorde seg, for å seie det slik, på ingen måte bort.

Balestrand slo an tonen frå avspark med kring 15 pasningar i trekk. Det går då heller ikkje lang tid før ein livleg Nicolai parkerer backen sin på venstresida og trillar inn framfor mål der Asgrim breisider inn første mål. Neste er ein kanon frå Nicolai ...

Slik går det slag i slag med flotte opprullingar nydelege samspel og flotte mål. Det er ein fryd for oss som trenarar å sjå på mykje av det som vert vist på bana. Defensivt har vi full kontroll. På kantane får vi backane i større grad med framover. Spesielt Viljar får dreisen på godt offensivt backspel. Eg må innrømme at eg no ikkje held styr på alle måla og til slutt måtte spørje dommaren kva det enda med. Men ei scoring må eg jo berre trekke fram.

Det er når vi får frispark heilt ute på venstrekanten litt framom midtbana. Frisparket vert slått flott på bakerste stolpe - og der dukkar debutanten Oline opp og klinker til på heil volley, og ballen berre susar rett i kassa. Det er flott å sjå korleis gutane hyllar Oline etter den fulltreffaren. Oline scorar forresten eit til og gjer ein kamp fult på høgde med dei andre på laget.

At både Martine og Oline får ein slik kamparena er utvilsamt bra for å kunne utvikle sine talent vidare. Eg trur faktisk det er ein betre arena enn noko damenivå i fylket for tida kan tilby.

Sjølv om Kaupanger kanskje vart litt demotiverte, og nok ikkje gav oss all verden av motstand etter kvart, må eg seie at det er kjekt for oss å vere trenarar for denne gjengen. Gløden og spelegleda og prestasjonane som vart vist i dag varmar. Det gjer og samhaldet og den respekten gutane viser for kvarandre om dei no er er på benken eller på bana. I kveld vart det også bølgen for eit entusiastisk og flott publikum.

Stillinga vart forresten 13-0



Skrive av: Arne Abrahamsen (30.09.10 - 23:58)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935922 besøk, sidan 18. juli 2005