Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Fin tur til Cuba



Balestrand i angrep (Foto: Arne Abrahamsen)
Foto:

Då vi møtte Årdalstangen tidleg i haust på Kreklingen vart det 3-10 og klart tap. Det vart det ikkje i returoppgjeret på Cuba!

 

Det er langt til Cuba! Så langt at gutane på Sygna måtte ha fri frå skulen siste time, og hadde fått taco med som niste då dei ikkje rakk middagen. Det er god tilrettelegging frå skulen si side som vi set stor pris på! Dette gjorde at vi kunne setje kursen innover fjorden denne torsdags ettermiddagen i godt gamaldags haustregn, med 16 spelarar i troppen - og i ein lett odør av Tex Mex.

Det hadde regna på Tangen også, så grasbana på Cuba stadion var både våt og glatt. Dette gjorde at nokre av spelarane våre fekk ein vanskeleg oppgåve med kunstgrassko mest utan knottar. Starten bar då også preg av dette, og mange av dei blå likna vel meir på Bambi på isen enn noko anna. Spesielt Kjell Andre såg ut som han studerte grasdekket på nært hald ved nokre høve.

 



Kjell Andre oppe og går innimellom...Her klar til frispark

 

Årdalstangen meistra forholda best; og gjekk ikkje ufortent opp i ei 1-0 leiing etter ein corner. Sakte men sikkert kom Balestrand inn i kampen. Viljar demma opp for venstresida deira, og vi klarte å rulle opp fleire angrep. Først utlikna vi til 1-1 med Asgrim, før vi gjekk opp til 2-1, igjen med Asgrim og då etter eit flott angrep. Det starta med at Birk kasta langt til Lars som sette fart nedover høgresida. Han runda backen og slo eit perfekt innlegg. Asgrim stig til værs og heddar ballen kontant i mål tilbake og til høgre for keeper.

Men Tangen svarar og kjører ein perfekt overang etter ein corner til oss. Vi er heile vegen på etterskot og klarer ikkje å ta ut ballførar eller løpet som kjem på kanten og seinare i midten. Dei kan då litt mot spelets gang trille ballen enkelt i mål og redusere til 2-2, - som også held seg til pause.

 
Jubel på benken for gode prestasjoner på bana (eller for fotografen).
Lars, Tor, Kristian og Daniel.

Balestrandgutane har spelt kring ein halv omgong med flott fotball kvar av dei siste kampane. Det same skjer i dag i starten av 2. omgang. Vi rullar over Tangen, og skaper ei rad med sjansar. På 20 minutt scorar vi 3, og kunne sikkert scora eit par til. Asgrim puttar ytterlegare to og Birk eitt mål.

Dei siste 20 minuttane jamnar det seg litt meir ut. Vi held fram med å spele bra, men"sløser" framfor mål, medan Tangen får nokre overgangar og klarer å score på ein av dei. Mot slutten vert det mørkt på Cuba, og det vert ein del situasjonar på glatta og i halvmørkret som ikkje er heilt kontrollerte.

Fleire mål vert det derimot ikkje, så når dommaren bles av står det 5-3 til oss. Vi har revansjert tapet tidlegare i haust, spelt til tider fin fotball på eit vanskeleg underlag, og det mot eit godt og velspelande lag frå Tangen. Gutane er i strålande humør - og det er ein flott gjeng vi har med oss på heimtur. Vi trenarane og sjåførane er forresten i godt humør vi og...

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (30.09.10 - 22:38)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939296 besøk, sidan 18. juli 2005