Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med ny siger



Solid bortekamp av Hessa cup vinnarane
Foto:Åge Skrede

Jentelaget vann 5-1 mot Tambarskjelvar på Naustdal stadion onsdag

I eit øsande regnvær var det dei blå kledde som kom best i gang. Gjennom godt pasningsspel kom dei til fleire gode sjansar i opningsminutta.

Etter kvarteret tråkla Oline seg igjennom heimelaget sitt forsvar og plasserte ballen sikkert i mål.Berre to minutt seinare utlikna imidlertid vertane etter dårleg kommunikasjon mellom forsvar og keeper. Bortelaget kom til fleire gode sjansar, m.a. var Ims igjennom to, tre gangar utan å få klem på avslutningane. Sogningane burde ha scora fleire mål i denne perioden. Etter kvart jamna banespelet seg meir ut utan at Tambarskjelvar klarte å produsere nokon store sjansar. Dermed kunne laga gå til pause på stillinga 1-1.

Laget frå perla ved Sognefjorden hadde det desidert beste pasningsspelet av dei to laga. Laget prøvde å slå pasningar langs bakken, medan heimelaget slo mykje langt og høgt. Oline og Ims fekk bra med bakrom å løpe i og Oline viste etter kvart klasse og scora to mål i rask rekkefølgje, det eine ei skikkeleg perle. Så var Ims frampå med ei fin scoring før Oline avslutta med si fjerde scoring for kvelden. Heimelaget hadde eit par, tre gode sjansar i denne omgangen, men hadde ikkje avsluttarar av Balestrand sitt format. 

For underteikna såg det ut som om heimelaget hadde ein klar strategi med å bruke svært lang tid på alle innkast og hjørnespark for å dra ned tempoet i kampen. Får verkeleg håpe at det berre var tilfeldig. 

Ein solid gjennomført bortekamp av Hessa cup vinnarane. Denne gongen likte underteikna spelet til midtstopparane Elsa og Torunn. Sikkert og klokt spel av begge, spesielt morosamt for Torunn som debuterte som midtstoppar.

Elles la som vanleg Martine ned ein stor arbeidsinnsats på midbana sjølv om me har sett ho betre før. Og så Oline då. Den jenta sluttar aldri å imponere.  

Men først og fremst ein flott og solid lagsiger av eit lag som viste stor speleglede. Sjølv om underteikna har sett jentene enno betre tidlegare, kunne ein nøgd trenar konstatere at laget har utvikla eit bra og sikkert grunnspel som dei etter kvart har lært å ta med seg også på bortebane.



Skrive av: Alf Høyrem (23.09.10 - 21:30)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943864 besøk, sidan 18. juli 2005