Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrand IL – Kaupanger 2 Søndag 19 september 2010




Foto:

 Balestrand spela i dag den nest siste seriekampen i 5 divisjon 2010.


Ved kampstart var vi veldig spente på speleopplegget og kva prestasjonnivå dette laget kunne vise fram. Ein skulle spela ein 4-4-2 formasjon og dei aller fleste spelarane i stallen var tilgjengelege.  Balestrand spela ein brukbar kamp, men han var igjen ujamn. Første omgang var god, med full kontroll bakover og med Balestrand som det klart dominerande laget. Vi fekk ikkje sjå noko stort angrepspel, men det var likevel arbeidsmessig noko trygt og godt vi fekk sjå. Andre omgang var på eit langt lagare nivå. Ein starta veldig svakt, lite fungerte, kommunikasjonen mangla og ein overlot inititativet til Kaupanger 2. Mot ein betre motstandar enn Kaupanger 2 (7. plass i serien) hadde det ikkje vorte bra.


Lagoppstilling og bytte:

Keeper: Kristian Kyrvestad

Venstre back: Birk Isane
Midtstoppar: Lars Kjetil Noreide
Midtstoppar: Gustav Nesse
Høgre back: Theodor Kvikne

Venstre midtbane: Adrian Nesse
Sentral midtbane: Eirik Thue
Sentral midtbane: Johannes Nilsson
Høgre midtbane: Hakon Haugen

Spiss: Arnstein Menes
Spiss: Kristjan I Nesse

Bytte:
73 minutt: Nikolai for Johannes Nilsson
78 minutt: Georg Nesse for Kristjan Nesse
82 minutt: Øyvind Neset for Hakon Haugen

Gult kort:          Kristjan I Nesse (70 minutt)

Mål og resultat:
Balestrand – Kaupanger 2          (2-0) 3-2

1-0       10 minutt          Arnstein Menes
2-0       37 minutt          Kristjan I Nesse
2-1       47 minutt
2-2       49 minutt
3-2       77 minutt          Kristjan I Nesse

Dommar: Tor Henning Mardal, Sogndal
Vi synest at dommar kom veldig godt frå denne oppgåva. Her var det vel berre at han lot Arnstein Menes gå i ein offiside posisjon og eit par innkast feil veg.

Trenardisposisjonar
Balestrand starta i ein 4-4-2 formasjon. Backane skulle kome fram langs kantane og midtbana skulle ligge tett. Dette fungerte bra i første omgang sjølv om det var lite vi fekk sjå backane på fullt sprang framover til dødlinja.  Ikkje veit vi kva som vart sagt i pausen – men det må ha vore lite oppbyggande. Laget fungerte ikkje godt etter pause. Trenar skal likevel ha ros for at han tok aksjon og korrigerte slik at laget til slutt drog i land ein siger.

Første omgang
Balestrand starta denne kampen godt. Ein tok initiativ og var det dominerande laget frå start.. Etter 10 minutt spring Arnstein Menes opp svakt forsvarsspel, får ballen og passerer back og keeper og set ballen i mål til 1-0. Ein spelar kanskje ikkje storarta, men arbeider godt og er på hogget når Kaupangar 2 fleire gonger gjer feil – men utan at det vert fleire mål. Pasningskvaliteten er ikkje like bra. Vi kunne tenkt oss at ein etter litt etter kvart la om til litt meir variasjon mellom lange og korte pasningar. Etter to pasningar er det litt tilfeldig om ein får til eit tredje trekk, men det er bra tempo og det kan nok vere litt av skulda. Etter 37 minutt kjem det neste målet. Ein ball kjem frå venstre dødlinje inn mot mål – der står Kritjan I Nesse heilt åleine og får ballen over linja frå 2-3 meters hald. I denne omgangen er Kaupanger på svært få visittar framfor Balestrand sitt mål og Kyrvestad i Balestrand målet har full kontroll på det som kjem.

Andre omgang
Vi hadde venta at trenar gav melding i pausen om at nivaet godt kunne hevast. Til dømes kom backane slik intensjonen var lite opp og fram. Vi la vel berre merke til at Theodor Kvikne kom på to gode løp i første omgang. Personleg er vi av den meining at det vert for ambisiøst på dette nivået å tru at backane har kapasitet til å kome på mange tunge løp og  at det er betre at backane kjem opp på midtbana og midtbanespelarane kjem seg opp til dødlinja – men det er greitt at ein likevel forsøker. Vi hadde og venta at ein hadde justert laget litt tettare mellom lagdelane og kanskje lagt ein av midtbanespelarane litt djupare.

Fotball er ein konsentrasjonsidrett, der det gjennom 90 minuttar er ein mengde med spelsituasjonar som krev full fysisk innsats, men og mykje innsats når det gjeld formasjon, posisjonering og kommunikasjon i laget. Etter 47 minutt såg vi tydeleg svikt. Ein corner vert slått inn. Ingen tenker på å dekke Kaupanger 2 mannen bakerst i feltet, ingen tenker på at det kan kome ein duell to, men alle vert ståande å sjå på. Kaupanger 2 spelaren header inn i feltet til ein umarkert person som får spelt ballen i mål. Like etter (49 minutt) får ein Kaupanger 2 spelar vere upressa med ballen på midtbana. Han forserer gjennom til forsvaret, møter ingen motstand før han roleg slår ballen over målstreken. Til 2-2. I etterkant er Balestrand fleire gonger usikre i bakre rekker og kommunikasjonen med midtbana fungerer ikkje.  Ein kom ikkje godt igang i andre omgang og greier ikkje justere dette. Kaupanger 2 får initiativet og vi er redd for at dei også kan gå opp i leiinga.

Balestrand tek etterkvart ut Johannes Nilsson, set ned Kristjan I Nesse på midtbane og inn med ein ny spelar Nikolai. Med det dette trekket kjem Balestrand etterkvart Balestrand igjen på offensiven og ein får til ei scoring til 3-2. Resten av omgangen er heller ikkje bra, men ein skal ha ros for å ha kome såpass tilbake at ein får kontroll og eit par brukbare sjansar på slutten.

Spelarvurderingar:

Kristian Kyrvestad        6 poeng
Birk Isane                   5 poeng
Lars Kjetil Noreide       6 poeng
Gustav Nesse              5 poeng
Theodor Kvikne           5 poeng

Adrian Nesse              5 poeng
Eirik Thue                   5 poeng
Johannes Nilsson         4 poeng
Hakon Haugen              poeng

Arnstein Menes            5 poeng
Kristjan I Nesse            7 poeng BB

Nikolai                         6 poeng
Georg Nesse                5 poeng
Øyvind Neset                5 poeng

Vurdert av Hans Olav Bale



Foto:



Skrive av: Hans Olav Bale (22.09.10 - 14:06)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935941 besøk, sidan 18. juli 2005