Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med storsiger



Her er det mange flotte talent
Foto:Åge Skrede

Jentelaget vann heile 10-3 mot Askvoll og Holmedal søndag.

Etter det forsmedelege tapet mot Vik tysdag der jentene var langt under pari, var dei tilbake på normalt nivå søndag. Til trass for total dominans i første omgang var det Askvoll og Holmedal som tok leiinga etter berre 7 minutt etter ei dårleg klarering frå keeper. Men derifrå og ut omgangen scora heimelaget jamt og trutt og  kunne gå til pause med ei komfortabel 6-1 leiing. 

Også i andre omgang var heimelaget heilt dominerande sjølv om det vart litt rotete på slutten av kampen slik det gjerne blir når ein har ei så klar leiing. Periodevis hadde heimelaget bra pasningsspel utan å imponere, men så stiller me og høge krav til pasningskvaliteten til dette laget. Laget har imidlertid eit bra grunnspel og har gode spelarar i alle lagdeler. Her er det heilt klart mange fine talent.

I dag likte me spelet til Rebekka spesielt godt. Ho vart diverre skadd og måtte gå av bana tidleg i annan omgang. I tillegg til god grunnteknikk viser ho klokskap og spilleforståing ein sjeldan finn hjå ein 13 åring. 

Oline har me nemnd mange gongar før. Ho har takka nei til å vere med i fotballkrinsen si toppsatsingsgruppe, ei avgjerd me respekterar fullt ut. Det er berre å håpe på at ho ikkje kaster bort sitt unike fotballtalent. Det vart fem mål på superspissen i dag og større spisstalent finnast vel knapt i fylket.

Dei andre måla vart scora av Malin Ims (to) som og hadde ein god kamp i dag, og Martine (to) etter to susarar frå distanse. Det siste målet laga Dyrleif, det første på jentelagsnivå. 

I dag vil underteikna også skryte litt av Torunn. Dette er ei jente som aldri får dei store overskriftene. Ho har hatt stor framgang denne sesongen og er etter kvart blitt ein solid høgreback, men så er ho og den spelaren som møter på flest treningar. Også i dag spelte ho ein solid kamp. Det er slike framgangar som gjer det kjekt å vere trenar. 

Stor ros til Askvoll og Holmedal som etter kampen mot Balestrand reiste inn til Lærdal for å spele ny kamp seinare same dag. Slikt står det stor respekt av.



Skrive av: Alf Høyrem (19.09.10 - 23:23)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935935 besøk, sidan 18. juli 2005