Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Guttelaget i tett kamp i Vik



Balestrand forsvarer seg i skumringa på grusbana i Vik
Foto:

Torsdag var det bortekamp på grusen i Vik. Det starta jamt og kampen var lenge open..

 

I Vik vart det kamp i flomlys på grusbana i ekte hauststemning. Balestrandgutane hadde med seg bra sjølvtillit etter sigeren mot Bjørn førre torsdag. Det vart derimot ikkje så enkelt berre å ta opp tråden direkte. Forsvarsfiraren virka utrygg og gjorde mange småfeil både med ball, i press og i markering/plassering. Dette gjorde at Vik fekk rulla opp på kantane og skapte nokre halvsjansar. Framover mangla vi litt rytme, og kom berre til nokre skot frå distanse.

 

 
Balestrand frampå med Corner i 1. omgong. Utan resultat denne gongen.

Så etter ca halvspelt omgang viste Nicolai fram skotfoten. Frå kring 20 meter på høgresida klinker han til, og ballen fyk inn ved næraste stolpe. Sjølv om keeper er godt plassert høyrer han berre susen av det skotet. Vi får til litt meir, men det er Vik som får utteljing. Ein Vikje får ballen utfor 16-meteren og fyrer av ein flott volley som dupper ned under tverrliggaren - og då er vi like langt. Vi får litt betre kontroll defensivt etter kvart, samstundes som vi skaper nokre sjansar med gode skot. Asgrim testar keeper med eit flott langskot, men keeper ligg i god strekk og får slått til corner. 1-1 held seg til pause, og vi er ikkje heilt nøgde med prestasjonane denne omgangen.

Etter pause klarte vi i større grad å sette eit trykk i midtbana. Fleire duellar vert vunne og vi klarer å vere meir presise i avleveringane. Når løpa på topp også vert fleire og betre kjem sjansane. Det er Karol som får hol på byllen. Han klinker til frå venstresida etter at ballen kjem ut av feltet. Han klarer å presse skotet langs bakken og ballen fyk inn nede med stolpen. Ein god prestasjon. Så var det Asgrim som viste seg fram. Snappa ballen forserte inn i feltet frå høgresida og sette sikkert inn 3-1 frå litt skrå vinkel i nærast ope mål.

 


Midtbana med Birk og Georg sentralt kom mykje betre med i 2. omgong

 

Det ser lovande ut. Men så får Vik, på ein av sine etter kvart sjeldne visittar, corner frå si høgreside. Ballen er godt slege, og ein vikspelar får gå opp ganske aleine, og heade inn ei 2-3 redusering på flott vis. Vi veit at mål kan endre kampbilete..

Men Balestrandgutane held fram - og speler over Vik. Vi ruller opp på kantane der Lars er livleg og har skot utfor og i stolpe. Så får vi eit legg frå kant som Nikolai tek med seg i steget og sett vakkert ned i høgre hjørne med venstrefoten. Birk avsluttar for dagen når han tek med seg ballen frå sin midtbaneposisjon og driv framover, og frå ca 20 meter avsluttar han med eit skot som sit heilt nede med høgre stolpe. Sluttresultatet vert med det 5-2 til oss.

Vi kunne kanskje ha scora eitt eller to til, men er likevel godt nøgd med resultatet og korleis kampen utvikla seg utover 2.omgong.

Allereie tysdag 21.09 kl 18.00 venter Syril på Kreklingen. Dei har vore gode, og har ikkje tapt så langt i haust. Vi gjekk også på eit 3-0 tap for på bortebane i starten av september. Her har vi utvilsamt ein vanskelegare oppgåve føre oss.  Vi må nok spele opp mot vårt beste gjennom heile kampen, og ikkje berre ein halv omgong, om vi skal klare å revansjere oss og hente poeng i dette oppgjeret.

 

Vi stilte med følgjande lag:

Tor Tjugum
Tor er keeper i første omgong og står ein god kamp. Scoringa kan han gjere lite med og har elles god kontroll. Gode igangsetjingar.

Tommy Ese
Er keeper i andre omgang. Kan tilliks med Tor ikkje klandrast for målet. Og har elles også god kontroll på det som kjem.

Viljar Bakke Nesse
Er høgreback. Har problem med plassering og pasningspelet i starten av kampen. Tek seg fint inn og har full kontroll utover i kampen.

Kåre Thue
Speler saman med Kjell Andre som midtstoppar. Slit mykje i starten med plassering. Får justert posisjon, og kjem etterkvart fint inn i kampen med mykje bra duellspel.

Kjell Andre Bakken
Også Kjell Andre er litt på bærtur i starten. Trudde vel at grusen utpå sida var tyttebær.. Men Kjell tek seg og fint inn att utover kampen og styrer etterkvar firaen bak fint. Er alltid positiv og jobbar heilhjerta, og pulsen til trenarane fell sakte men sikkert utover .

Roger Fjærestad Sande
Speler back og midtbane/kant. Sliter også med ein livleg kar i starten av kampen. Treng litt meir trening for å bli litt tryggare med ball. Har fleire fine pasningar på slutten av kampen i kantposisjon.

Daniel Dale
Kom inn som back. Sjølv om han hadde fått seg ein smell i sjeven (kjeven) tidlegare på dag, og ikkje kunne seie stort gjorde Daniel sakene sine bra. Han demma opp på venstresida og var med å skape tryggheita i forsvarsfiraren som gjorde at vi kunne angripe meir heilhjerta og.

 
Daniel kjenner etter om kjeven er på plass.
Gjer etter det ein flott kamp

Karol Sen
Karol er ikkje heilt med i det defensive spelet i starten, noko som bidreg til forsvarproblema i den fasen av kampen. Får også justert denne delen av spelet utover i kampen. Er utover i kampen meir og meir involvert på kanten. Slepp ballen litt tidlegare nokre gonger og scorar eit flott mål. Bra!

Jonakim Hanevik
Jonakim kjem inn spelar venstre kant uti andre omgong. Til "alltid" å ha spelt back gjer Jonakim eit solid innhopp og er med på å cruise inn leiinga.

Lars Berge
Lars er litt av og på i første omgong, og vi får berre glimtvis sett fart og innlegg frå kanten. Utover i 2. omgong får derimot Vik sin back kjørt seg. Fleire gode forseringar skapte støtt sjansar for oss. Har også sjølv eit skot i stanga etter at han trekker seg inn og avsluttar i lengste hjørne.

Georg Nesse
Slit litt med underlaget spesielt i første omgong og får ikkje heilt det tempoet i ballbehandling som vi prøver å få til. Når vi vert litt seine i den fasen kjem motspelarane tett oppi og pasningane vert som følgje av det fort litt upresise. Alternativt må ein og vende opp å spele støttepasningar når det går gode løp framover. Vert betre utover i andre omgong og bidreg til at vi tek over midtbana.

Birk Isane
Manglar også litt av energien i 1. omgong som er varemerke når Birk speler godt. Tek saman med Georg tak i andre omgong, noko som endrar heile kampbiletet. Bidreg mykje offensivt med gode framspel og også eit flott mål. .

Nicolai Andersen
Nicolai får vist litt av potensialet i dag. Samhandlar betre med spelarane rundt enn sist og kjem sjølv til fleire gode avslutningar. To virkeleg flotte mål. Definitivt godkjent!

Asgrim Farnes
Asgrim får etterkvar fleire sjansar, men i dag klarte keeper å gå seirande ut av dei fleste duellane. Scorar likevel eitt og er ein kontant trussel. Finn betre tonen med Nicolai og det skal bli spennande å følgje det samarbeidet framover.

 

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (19.09.10 - 23:05)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935294 besøk, sidan 18. juli 2005