Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


God førestilling av gutelaget



Balestrand er farlege på dødball
Foto:

Etter ein mildt sagt varierande start på haustsesongen, leverte gutelaget tidvis god fotball mot eit solid Bjørnlag.

 

Haustsesongen har vore litt som ein berg- og dalbane for gutelaget. Første kamp mot Årdalstangen vart litt spesiell då vi berre hadde 11 spelarar tilgjengeleg. Alle1994-gutane var på skuletur. Det endte med 3-10 tap og i grunnen ikkje så mykje å skrive heim om...

På Skogen henta gutane heim 3 poeng etter ein 3-2 siger over Kaupanger, men også her var det mykje rusk i maskineriet.

Mot Syril vart vi regelrett kjempa i senk, og tapte fortent med 3-0. Også her hadde vi tynn stall med berre ein innbyttar, utan at det aleine forklarer tapet. Syril jobba godt, medan det som kanskje var litt skuffande frå vår side, var at det verka som spelarane slutta litt å tru på eigne ferdigheiter - Vi vart passive og spelte ein litt "enkel" fotball, mykje ein og ein og med liten grad av samhandling.

Det var difor ikkje med det resultatmessig beste utgangspunktet vi skulle møte Bjørn - som vi vel ikkje har slått i 11-ar sidan Metusalem levde. Men som trenar sansar du raskt stemning og innstilling. I garderoben møtte vi ein positiv og fokusert gjeng - og ikkje minst ein stor gjeng. Heile 18 spelarar var disponible, og det i seg sjølv er personleg rekord!

Då dommar Terje Midttun bles i gang kampen tok Balestrand straks kommandoen. Bjørnspelarane fekk seg nok ei overrasking, for dei vart regelrett overspelte dei første 25 minutta. Balestrand spelte svært godt i alle ledd. Forsvaret tok seg overlegent av alle framspel med Kjell Andre som dirigent for den bakre firaren. Martine fall av og rydda elegant opp restane etter duellane. Martine speler klokt og er fult på høgde med gutane. Viljar og Knut hadde også full kontroll på kvar sin back, og var rolege med ball og spelte mest alltid gode oppspel gjennom midbane.

Midtbana vann mest alt og kombinerte og rulla opp angrep etter angrep. Fredrik var flinkare til å halde breidde enn tidlegare, og gjorde seg med dette spelbar og kom dermed flott inn i kampen. Han scora også eitt flott mål etter ein soloprestasjon gjennom feltet. Asgrim scora to i denne perioden. Eitt av måla var resultatet av eit mønsterangrep som starta heilt bak med Viljar på høgre back. Han speler flott i lengderetning i midtbana som vinklar ballen ut til Lars Berge på høgrekanten. Lars kjem frå Gaular og er ein av dei 4 nye gutane som her teke til i 1.klasse på Sygna. Lars sette full fart og runda backen sin så det formeleg lukta svidd, og slår eit perfekt innlegg. Og der heng Asgrim i lufta - og heddar ballen kontrollert til side for keeper. Virkeleg ein godbit frå start til mål!

Nickolai Andersen, som kjem frå Gulen og har og teke til på Sygna, viser prov på det talentet som bor i den guten, med godt duellspel og eit rykk utanom det vanlege. Det er i det heile litt utur og ein kjempegod keeper i Bjørnmålet som gjer at leiinga ikkje er større når omgongen går mot slutten. Bjørn kjem etter kvart litt meir inn i kampen, og rett før slutt får dei sin eine sjanse. Men den er til gjengjeld stor; skot i keeper, i tverrliggar og i bakken der Martine får klarert med eit naudskrik.

 

Etter pause kjem Tommy inn i mål for Tor, og Karol Sen inn for Lars på kanten. Også Karol er ein ny og spennande kar frå Hemsedal som no går på Sygna. Kåre kjem inn for Knut på backen. Den lille trenden med at kampbiletet er litt endra held fram. Det verker som Bjørn har litt meir trua, og kampen bølgar meir fram og tilbake. Vi blir litt ivrige - og litt ustrukturerte og slurvar litt med posisjonering i midtbana. Dette gjev Bjørn ein overgang, der dei rett nok er litt heldige siste duell med forsvaret, men tilslutt enkelt kan trille inn ei redusering.

Bjørn presser oss til tider litt bakover, og har eit par skot i stolpane. Vi på vår side får store rom og mange fine overgangar. Vi er derimot ikkje nøyaktige nok og klarer ikkje å la ballen gå mellom spelarane slik vi gjorde i starten av kampen. Det vert for mykje ein og ein, og i staden for å skape sjansar, får vi heller brot og angrep i mot.

I tur og orden kjem Nikolai, Roger, Jonakim og Daniel Dale inn. Daniel er siste tilskot frå Sygna, og kjem frå Rong i Øygarden. Han er på line med dei andre tre ein kjempe kjekk kar, og det er i grunnen moro å sjå kor fort desse gutane har kome inn gjengen.

Medan vi kan pøse på med friske bein avtek etter kvart presset frå Bjørn. Då vert det i grunnen ikkje meir dramatikk enn det vi lagar sjølv. Denne kvelden kom dramatikken då Birk og Nicolai dundra i hop då begge hadde låst fokuset på ballen. Birk snurrar rundt og fekk slått all luft ut av kroppen i fallet, medan Nicolai fekk eit kne i brystet. Birk måtte ut umiddelbart, medan Nicolai erklærte at han kunne halde fram. Det var nok ikkje så lurt, og nok også ei erfaring for oss trenarane, for etter kort tid måtte han kaste inn handkledet då han såg dobbelt. Dette førte til at ambulanse vart tilkalla og vi fekk kyndig hjelp frå Jonny og co.

Det gjekk godt!

Nicolai som truleg hadde fått ei lita hjernerysting, kunne etter kvart rusle opp på hybelen med klar melding om å ta det med ro nokre dagar. Birk kom fint til seg sjølv etter nokre rolege minutt på sidelina. - Og kampen enda med 3-1 til oss. Vi hadde slått Bjørn - og vi hadde spelt nokre minuttar med strålande fotball! Det viser potensialet, 

- og det vert spennande å følgje laget i kampane som kjem!

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (16.09.10 - 00:16)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943927 besøk, sidan 18. juli 2005