Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ufortent tap for jentelaget



Dette var første kampen på to sesongar at det ikkje vart nettkjenning på jentene
Foto:Åge Skrede

Vik klarte ufatteleg nok å ta med seg alle tre poenga heim til gamalostbygdi.

Det var reine ranet me var vitne til tysdag ettermiddag. Det stod 0-0 til pause etter ein omgang heimelaget dominerte. M.a. spolerte heimelaget to store sjansar som dei vanlegvis brukar å ekspedere i mål. Vik var frampå eit par gongar, men det var dei blåkledde som dominerte banespelet. 

Diverre var ein av våre forsvararar uheldig å handse innanfor eigen sekstenmeter tidleg i annan omgang og domaren kunne ikkje unngå å døme straffe. Straffesparket vart ekspedert sikkert i mål. Enno var det lenge igjen av omgangen som heimelaget dominerte totalt.

Sjølv om vertane ikkje fekk til pasningsspelet slik me veit dei kan, prøvde dei i alle fall å spele fotball, men hadde store vanskar med å trenge igjennom eit godt organisert og hardt kjempande forsvar. Nærast var Martine då ho skaut i tverrliggaren på eitt av fleire farlege frispark. Men, det ville seg ikkje, enten gjekk skota utanfor eller dei vart redda av Vik sin meget gode keeper. Dermed kunne vikjene juble for ein særs ufortent siger.

Heimelaget kan takke seg sjølve for at dei ikkje vann denne kampen. Det vart litt for ubesluttsomt i avslutningsfasen. Det vart og spelt litt for mykje inn i midten, sjølv om ein nokre gonger klarte å kome fram på flankane. I tillegg hadde laget direkte uflaks at ikkje nokre av skota gjekk i mål.  

Dette var første kampen på to sesongar at ikkje laget frå perla ved Sognefjorden klarte å få ballen i mål. Litt tilfeldig var det nok, men det må og seiast at eit betre organisert, disiplinert og defensivt lag knapt nok har gjesta Kreklingen. Imponerande og oppofrande forsvarsspel, det skal dei ha. 

For heimelaget var Martine dominerande store deler av kampen. Elles viste laget sine tre 13 åringar at dei held fram med å utvikle seg, og at dei er blitt heilt uunnværlege for dette jentelaget. Men så er dei og flinke til å møte på treningane. I går likte underteikna spesielt godt Synnøve sine løp på venstresida. Pluss og  til Anja som hadde fleire fine utrykkingar og som har vist fin framgang etter at ho debuterte som keeper så seint som i vår. 

Neste kamp blir heime mot Askvoll/Holmedal allereie søndag. Laget skal framleis ha fokus på pasningsspel, så får heller resultatet bli som det blir.



Skrive av: Alf Høyrem (15.09.10 - 16:22)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4361451 besøk, sidan 18. juli 2005