Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Målkalas i Lærdal



Berre så vidt det holdt for Hessa cup vinnarane denne gongen
Foto:Åge Skrede

Jentelaget leia heile 7-3 men var nær ved å rote bort sigeren. Laget vann til slutt 7-6.

Laget frå staden med den ein gong så verdskjende lakseelva viste stor framgang frå kampen i vår. Det stod 2-2 til pause i ein relativ jamn spelt første omgang. Det var bortelaget som starta scoringsorgien allereie etter 6 minutt då Oline på vanleg vis løp igjennom etter pasning i bakrom og scora sikkert. Lærdølane kvitterte ganske raskt på eit bra angrep. Bortelaget hadde ein del fine angrep, men var litt for upresise i avslutningane og skota gjekk utanfor. I det 30. minutt tok bortelaget leiinga på eit flott volleyskot av nyervervinga Malin Ims.

Heimelaget skapte imidlertid balanse i rekneskapen berre minuttar seinare etter horribelt forsvarsspel av dei blåkledde. Like før pause kunne heimelaget ha gått opp i leiinga då ein av spelarane kom åleine igjennom, men Anja kom ut og redda meisterleg. 

Andre omgang var knapt starta då Lærdal gjekk opp i leiinga på ei flott heading etter hjørnespark. Så var det tid for Olineshow. Heilt på eiga hand laga ho tre mål. På to av måla tok ho med seg ballen frå venstresida av midtbana, køyrde karusell med motspelarane og plasserte ballen sikkert i mål. Utrulege prestasjonar av ei jente med eit kjempepotensial. Når så Malin Ims scora scora sitt andre og tredje mål for dagen, det siste etter eit pent angrep med opprulling frå venstre mot høgre, stod det heile 7-3 på resultattavla. Med berre 20 min igjen av kampen såg det ut som om det skulle bli ein klar siger til jentene frå perla ved Sognefjorden.

Så var det nokon som slo på av brytaren. For dei neste ti minutta reduserte Lærdal tre gongar slik at det plutseleg stod 7-6 til bortelaget og det var enno ti minutt igjen av kampen. Lærdal stod høgt med laget sitt for å få utlikning, og det var eit hav av bakrom å kontre i. Dette klarte diverre ikkje jentene å utnytte. Enten vart gjennomspela for lange, eller dei vart avblåst for offside. Ingen klage på domaren. Alle som har dømt ein fotballkamp veit kor vanskeleg det er å vurdere om det er offside eller ikkje når ein ikkje har linjedomar. Men nokre av avblåsingane var heilt klart uriktige ettersom spissane våre starta løpa på eigen banehalvdel i det pasningane vart slått. Det gjorde det sikker ikkje lettare å vere dommar at heimelaget sin trenar, som gaula og ropte gjennom samfulle 2 x 40 minutt, konsekvent ropte på offside kvar gong bortelaget slo ei pasning i bakrom.

Nok om det. Jentene tok seg saman og klarte å ri av stormen. Det var tydeleg at det var over 3 mnd sidan sist jentene spelte ein 11 ar kamp. Berre periodevis fekk dei til pasningsspelet me veit dei kan. Det vart gjort for mange pasnings feil og litt for mange feilval. Keeper bør nok trene litt ekstra på høge ballar, sjølv om alle som har prøvd å stå i mål veit kor høgt eit fotballmål er. 

Oline er nemnt. Når ho er på sitt beste er ho på eit svært høgt nivå. Nyervervinga Ims som har meldt overgang frå Skjergåd il, viste seg som ein god bakromsspelar med god fart som me er svært glade for å ha fått på laget. Elles var det på det jamne. I tillegg til laget sine tre faste lovande 13 åringar, hadde laget denne gongen med Lise May som og berre er tretten år. I tillegg debuterte Dyrleif som er 14 år. Begge klarte seg heilt flott.

Det blir spanande å sjå kva laget er gode for når jentene møter serieleiarane Vik på Kreklingen stadion komande onsdag.


Oline held fram med å bøtte inn mål
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (03.09.10 - 20:37)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935275 besøk, sidan 18. juli 2005