Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Drog i land ein ny siger




Foto:Eirik Thue

Balestrand vann 2-1 heime mot Hafslo.

Alle gode lag har ei evne til å vinne på dårlege dagar.
Sigeren mot Hafslo sat langt inne. Spelemessig kladda det
skikkeleg, spesielt i 1. omgang.


Marco van Nesse
Balestrand la seg for lågt og gav frå seg initiativet på
midtbana. Ei stund låg fire forsvarsspelarar limt fast
bak, med ein spiss å markere. Det var mykje rom på sidene,
men backane kom sjeldan framover. I tillegg vart oppspela
alt for upresise. Likevel greidde Balestrand å ta leiinga,
takka vere ein enkeltmannsprestasjon av høg klasse.
Hafslo-keeperen bomma på ballen på ein corner, og Kristjan
Ingi fekk ballen nærast på dødlinja. Han klinka til på
halvvolley, og ballen suste i mål. Det var som å sjå Marco
van Basten i EM i 1988.


Dei blå flaug høgt på corner


Gode byte
2. omgang starta som første. Hafslo var minst like gode
som heimelaget, og dei fekk betalt for stevet. Eit herleg
brassespark frå 20 meter, gjekk i boge over Ole og inn i
mål. Trenarteamet gjorde etter kvart grep. Balestrand har
styrkja stallen i haust med fleire spennande spelarar.
Sigve Meling debuterte som keeper. Han markerte seg fort.
På eit frispark frå 20 meter låg han i full strekk og fekk
slått ballen ut. Redninga kom på stillinga 1-1. Hadde den
sust inn kunne kampen ha vore tapt. Også ein annan
debutant fekk vist seg fram. Nicolai Andersen sprang som
ei røysekatt på topp, og skapte mykje trøbbel dei minutta
han fekk. Blant anna smelte han ballen i aluminiumen frå
20 meter.


Iskald svenske
Men det var ein veteran som var kaldast i hovudet då
kampen skulle avgjerast. Johannes Nilsson brukte sine
siste krefter på eit sugande løp rett før slutt. Han fekk
servert eit innlegg frå sida, og var trygg med foten.
Ballen fauk inn, og dermed vart det full jubel på
Kreklingen.


Adrian i kamp


Nummer ni
2-1-sigeren gjer at Balestrand no har ni sigrar på elleve
kampar. Det er no heilt sikkert at laget blir nummer ein
eller to i 5. divisjon. Historiske sett ein god
prestasjon. Men opprykket kan virka utanfor rekkjevidde,
så lenge Bjørn vinn sine kampar. Uansett divisjon neste
år: Stallen me stiller med i 2011 er truleg den sterkaste
nokon gong. Kristoffer Lønning er klar for moderklubben
att, Ole Petter Haugstvedt kan vere på veg tilbake i blått,
fleire gutespelarar enn på lenge bankar på a-lagsdøra og
Sygna vidaregåande skule har fått mange talentfulle
spelarar inn skuleporten. Så det er grunn til å vere
optimistisk.

Laget:
Balestrand stilte med fylgjande lag fredag kveld:

Ole Tjugum

Adran Wolff Nesse - Lars Kjetil Nordeide - Theodor Kvikne - Roar Eriksen

Håkon Haugen - Johannes Nilsson - Arve Sjøtun - Øyvind Neset

Kristjan Ingi Nesse - Arnstein Menes

Innbyttarar:
Per Inge Belt for Neset, Sigve Meling for Tjugum, Georg Nesse for Sjøtun, Birk Isane for Haugen, Nicolai Anderson for Menes.



Skrive av: ET (30.08.10 - 15:34)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943875 besøk, sidan 18. juli 2005