Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget vinnarar av Hessa cup



Glade vinnarar - Oline Lønning, Elsa Hrund Erlingsdottir Nesse, Jofrid Tangen Farnes, Torunn Skrede, Malin Nokken, Heidrun Eitungjerde Høyvik, Rebekka Bergum Skaasheim, Martine Wolff Nesse, Anja Malene Dale, Brita Thue og Synnøve Bergum Skaasheim.
Foto:Åge Skrede

Jentelaget vann  Hessa cup i Ålesund etter ein spanande finale mot Clausenengen.

Ettersom jentelaget slit med få spelarar, var det naturleg å delta i 7 – ar fotball. Å vinne ei turnering i 11 – ar fotball har nok større prestisje. Likevel er det uansett ein stor prestasjon å vinne ei so pass stor turnering som Hessa cup.

Laget frå Balestrand var det beste jentelaget i turneringa og spelte til tider god fotball der alle elleve i troppen bidrog på ein særs positiv måte. Tek ein med at tre av spelarane berre er 13 år kan ein ikkje bli anna enn imponert. Ja, så godt spelte jentene at dei fekk lovord frå andre trenarar som meinte at spelet var på eit høgt nivå. 

Første kampen gjekk allereie kl. 08.00 laurdag morgon. For å rekke å ete frukost, køyre til kamparena og varme opp før kampen, måtte jentene stå opp allereie kl. 06.15. Dersom du trur at nokon forsov seg eller ikkje kom seg opp til avtalt tid, gløym det. Jentene budde på eige rom utan vaksenpersonar og styrte seg sjølve sjølv om arrangørane av turneringa kravde at det skulle vere vaksenpersonar på alle rom. 

Første kampen mot Dahle var lett match. Balestrandjentene dominerte stort, men var litt for utålmodige i avslutningane i starten av kampen og det gjekk ei stund før dei fekk hull på byllen. Jentene spelte etter kvart flott fotball og vann til slutt 6-1. 

Kampane i turneringa varte i 2 x 20 minutt. Sjølv om kamptida er kortare enn i 11 – ar fotball, er det fysisk krevjande å spele 7 – ar fotball dersom ein skal halde eit høgt tempo gjennom heile kampen. Andre kampen gjekk allereie to timar etter mot andrelaget til Clausenengen. Også denne kampen dominerte jentene fullstendig. Ein veldig godt gjennomført kamp med mykje flott pasningsspel der jentene vann heile 9-1. 

Etter eit par timar kvile var det klart for kamp nr. tre. Denne gongen mot Harøy. Jentene begynte nok å bli litt slitne av det harde kampprogrammet. Sjølv om dei var flinke til å ete og drikke mellom kampane hadde dei nok fått i seg litt for lite næring før kampen ettersom det ikkje vart tid til å ete middag på skulen mellom kampane. Balestrand var det klart beste laget også i denne kampen, men sleit litt i starten og fekk ei scoring imot etter berre nokre minutt. Jentene fekk imidlertid opp dampen etter kvart og fekk i gang pasningsspelet sitt. Sjølv om det vart litt rotete på slutten av kampen, vart det til slutt ein komfortabel 5-2 siger. Dermed var laget frå perla ved Sognefjorden klare for finalespel  dagen etter som vinnarar av si gruppe. 

Laurdags kveld var det pizza på Dolly og kino saman med gutelaget. Ein veldig kjekk kveld der alle koste seg slik ein skal gjere når ein deltek i slike turneringar. 

Semifinalen søndag starta ikkje før kl 14.30. Her møtte jentene laget frå arrangørklubben Hessa. La det vere sagt med ein gong. Jentene våre var totalt overlegne og vann til slutt heile 7-0. Heimelaget vart totalt rundspilt og alle elleve i troppen presterte opp mot sitt beste. 

Så var det finale kl. 17.15. Me visste me skulle møte eit godt lag. Og det var Clausenengen som var det klart beste laget i starten av kampen. Laget hadde ein svært god midtstoppar som slo presise langpasningar. Laget var og flinke til å kome i overtal på midtbana og det var heilt fortent då dei gjekk opp i leiinga. Jentene våre klarte etter kvart å spele seg til nokre sjansar. Eit vanvittig frisparkmål av kaptein Martine frå langt hald snudde kampen. Eit herleg treff der ballen suste i mål bak ein forfjamsa keeper og eit overraska forsvar. Når så Brita og Oline gong etter gong kom på flotte løp og forsvaret kjempa som løver, begynte det heile straks å sjå lysare ut. Og då Oline sette inn 2-1 målet var trua på siger tilbake. 

Jentene fekk ein knallgod start på andre omgang og produserte fleire store sjansar og gjekk relativt raskt opp i ei 4-1 leiing etter nye mål av Martine og Oline og det så ut som om det skulle bli grei skuring. Men, så reduserte Clausenengen to gongar og det var full kamp att. Dei siste ti minutta vart difor ulideleg spanande. Det var tydeleg at jentene våre begynte å bli slitne, men alle stod på og tok ut det siste dei hadde av krefter. Begge laga kom til sjansar, og Clausenengen køyrde hardt på for å få utlikning. Ved uavgjort resultat ville nemleg dei vinne ettersom dei hadde flest hjørnespark (trur eg). Jentene våre klarte imildertid å ri av stormen og kunne juble for ein fortent siger. 

Underteikna kan ikkje anna enn å bli imponert over jentene. Laget har nokre skikkelege vinnarskallar som tek fram det beste når det gjeld som mest. Dei er utruleg flinke til å førebu seg og er påpasseleg med å drikke og ete mellom kampane. Før kampane har jentene eit oppvarmingsprogram. Gjennomføringa gjer dei heilt på eiga hand under leiing av kaptein Martine. Under turneiringa var det fleire som merka seg dette og som var imponert over kor seriøse og sjølvstendige dei var. Jentene imponerer og utanfor bana. Oppførselen er eksemplarisk og alle gjer det dei får melding om, dvs. ein treng eigentleg ikkje å gje så mange meldingar, for dei styrer seg stort sett sjølve. Det er difor eit stort privilegium å få vere trenar for ein slik flott gjeng.


Brita - best når det gjelder
Foto:Åge Skrede


Balestrand hadde turneringa sin beste jentespelar - Martine
Foto:Åge Skrede



Skrive av: Alf Høyrem (24.08.10 - 14:43)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935258 besøk, sidan 18. juli 2005