Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar





Foto:

Seriekamp nummer 8 - 5.div avd 1 Balestrand – Førde 3 Søndag 15 august 2010

Balestrand IL vann i dag den første seriekampen i haustsesongen i 5.divisjon med 7-2 på Kreklingen stadion. Kampen gjekk mot Førde 3. Sigeren var fullt ut fortent og kunne gjerne gjerne vore større. Vi som var tilstades på denne kampen fekk sjå eit Balestrand lag som spela ein noko ujamn kamp, men likevel totalt sett brukbart. Ein starta greitt nok, men var svake frå midtvegs i første omang og ut omgangen. I andre omgang spela ein betre og avslutta solid. For trenarteamet var det mykje å ta med seg vidare av godt og vondt og såleis ein lærerik kamp.

 

Med denne kampen unnagjort har ein teke dei 3 første poenga og opna haustdelen godt. I løpet av dei neste 12 dagane skal ein spela 3 kampar til så då for vi nok svaret på om laget er godt nok for større oppgåver neste sesong.

 Lag oppstilling og bytte

Balestrand  stilte frå start med følgjande lag i ein 4-4-1-1 formasjon:

 

Keeper:                       Ole Tjugum

 

Venstre back              Birk Isane

Midtstoppar:               Eirik Thue

Midtstoppar:               Lars Kjetil Noreide

Høgre back:                Rein Isane

 

Venstre midtbane:      Roar Eriksen

Sentral midtbane        Georg Nesse

Sentral midtbane        Arve Sjotun

Høgre midtbane         Håkon Haugen

 

Offensiv midtbane     Johannes Nilson

Spiss                            Kim Andre Marifjæren

 

Bytte:

45 minutt Kristian Inge Nesse for Arve Sjøtun

60 minutt Per Inge Belt for Rein Isane

75 minutt Øyvind Neset for Hakon Haugen

75 minutt  Arnstein Menes for Georg Nesse

 

Unytta: Kristian Kyrvestad

 Mål og resultat

Balestrand – Forde 7-2 (2-1)

 

1-0 13 minutt              Roar Eriksen

1-1  28 minutt             Straffe Førde 3

2-1  44 minutt             Håkon Haugen

3-1  47 minutt             Lars Kjetil Noreide (straffe)

3-2  60 minutt

4-2 77 minutt              Kristian Ingi Nesse

5-2 79 minutt              Kristian Ingi Nesse

6-2 86 minutt              Arnstein Menes

7-2 88 minutt                         Per Inge Belt 

 Dommar

Jarle Andersen, Syril.

Vi meiner at dommar gjorde ein god jobb i dag i ein relativt lettdømt kamp. Etter vår meining fekk begge lag kvart sitt litt lett idømte straffespark, elles ingen spesielle merknader. Er nok kanskje litt pirkete med å dømme frispark, men så lenge han er konsekvent og nøytral med begge lag er det greitt nok.

 Trenar disposisjonar

Trenarteamet gjekk i dag ut med nokre endringar frå tidlegare og overraska litt med lagoppstillinga. Eirik Thue var sett ned som midtstoppar, brørne Birk og Rein Isane spela backar, Arve Sjøtun fekk den sentrale midtbane rolla saman med Georg Nesse medan Kim Andre Marifjæren fekk rolla som spiss på topp. På benken hadde ein plassert Øyvind Neset, Arnstein Menes, Kristian Ingi Nesse, Kristian Kyrvestand samt nykommaren Per Inge Belt. I andre omgang endra ein til 4-4-2 og mot slutten sette ein innpå dei meir rutinerte spelarane. Trenarane skal ha pluss for å våge å tenke nytt, og det er bra at fleire fleire får prøve seg i kampsamanheng – men det er lov å seie at laget trass alt var best i siste del av kampen då dei meir rutunerte spelarane kom innpå og 4-4-2 formasjonen kom til sin rett.

 Forste omgang

Etter 3 minutt fekk vi det første Balestrand angrepet.då Hakon Haugen kom fri på høgre kant og spela inn til Kim Andre Marifjæren. Førde 3 sin keeper hadde store problem med å avklare, men fekk til slutt spelt ut til corner. Litt seinare – i det 12 minutt fekk Kim Andre Marifjæren tildelt frispark på høgre kanten. Frisparket gjekk inn i feltet men Balestrand makta ikkje å score frå fint hald. Minuttet etter får Balestrand 1-0. Roar Eriksen får ballen på venstre kant om lag 20 meter fra mål og skyt velplassert til høgre for keeper.

 

Balestrand kontrollerte kampen godt det forste kvarteret, får inn 1-0,  men kjempa likevel etter vår meining ikkje godt nok inne i sjølve målfeltet og var litt avventane ellers også. Ein kunne lett med litt meir innsats og vilje ha avgjort kampen med eit par scoringar i denne perioden. Etter kvart gjekk spelet over til meir småspel på midtbana. Spelarane som vann ballen spela gjerne denne 5 meter frå seg og slod sjeldan lengre pasningar som kunne løyse opp kampen. Ein kjempa brukbart, men det vart lite variasjon i speleopplegget og lite kommunikasjon mellom spelarane. Det verka for oss som at spelarane var litt lite samkøyrde framfor haustkampane. Truleg hadde det vore lurt med 2-3 treningskampar dei siste 2 vekene før start på haustsesongen og vektlegging på samspel og korleis ein kan variere spelet i laget med krosspasningar. Kanskje hadde varmen også litt å seie (23 grrader C i skuggen).  Midt i denne perioden med småspel på midtbana får ein Førde 3 spelar tilfeldigvis ballen og slår ein stikkar framover. Alle står og ser på og dermed får Førde 3 spissen som mottek ballen eit steg forsprang og kan gå mot keeper, med midtstoppar hengande etter. Spelarane går overende – dommar bles straffespark – utan at det er godt å seie om det var korrekt eller ikkje. Førde 3 utliknar til 1-1 og det er gått 28 minutt.

 

Etter Førde 3 målet spelar Balestrand noko betre. Balestrand gjer ingen endringar i formasjon  – men spelarane sjølve skjønar nok moglevis at ferien er slutt. Roar Eriksen er ein av dei som torer å slå ein lengre pasning. Den gjer han til Håkon Haungen på høgre kant. Dette opnar opp og Håkon for slått fint inn att mot målfeltet. Men litt lite dyktigheit hjå spissen gjer at det ikkje vert mål. Heilt mot slutten av omgangen får Balestrand ein av sine mange cornerar. Roar Eriksen slår som vanleg farleg inn framfor mål. Der står Håkon Haugen umarkert og headar Balestrand i leiinga til pause med 2-1.

 

Sjølv om ein leier 2-1 til pause er det etter vår meining ein svak omgang. Alt for lite løpsvilje, innsats framfor mål og evne til å variere spelet mellom korte og lange passningar. Ein kunne lett ha spela Forde heilt ut ved løyse meir opp i spelet.

 2 omgang

Balestrand gjer ei endring i pausen. Ut går Arve Sjøtun, inn kjem Kristian Inge Nesse og ein legg om til 4-4-2. Alt frå start spelar Balestrand betre. Etter 47 minutt kjem Johannes Nilsson fri på venstre kant og slår til Kristian Inge Nesse. Nesse vert dytta overende og dommar bles straffespark igjen. Lars Kjetil Noreide scorar greitt på det. Etter det 50. og 52. minutt får Balestrand til to skot i aluminiumen og kampen kunne vorte avgjort.

Balestrand har fleire sjansar til å avgjere, men i staden er det Førde 3 som får neste scoring. På sin andre sjanse for dagen reduserer dei til 3-2 på eit veldig fint skot utakbart for keeper og skapar med det litt spenning i kampen. Balestrand er imidleritd mykje betre enn Førde i andre omgang og vi er ikkje veldig redde for at ein ikkje skal vinne kampen – til det er Førde for svake. I perioden før neste scoring har nykomaren Per Inge Belt og veteranen Arnstein Menes gode sjansar til å avgjere. Avgjer gjer imiderltid Kristian Ingi Nesse i det 77 minutt med 4-2 scoringa etter fint samspel på hogre kant. Etter dette har ikkje Førde så mykje meir å gje og 5-2. 6-2 og 7-2 kjem i tett rekkeføgle mot slutten av kampen  ved Kristian Ingi, Arnstein og Per Inge. Siste scoringa kom etter kanskje det finaste spelet i kampen. Fint framspel på venste kant til Per Inge, han går 10 meter og skyt knallhardt i høgre hjørne. Eit fint punktum for kampen.

 Spelarvurderingar (0-10) 

Ole Tjugum                6 poeng

Mange fine og lange utspel. Balestrand kunne ha nytta seg i større grad av desse. Roleg dag på jobben. Fomlar med ballen ved eit høve som nesten går i mål. Minus for ikkje å hugse skyggelue i sola. Det er standardutstyr for målvakter.

 

Birk Isane                   4 poeng

Gjer ein ok jobb som høgre back, men viser lite offensivt

 

Eirik Thue                   5 poeng

Litt anonym i ein kamp som dette i første omgang. Spelar betre i andre omgang og kan jamvel score eit mål eller to.

 

Lars Kjetil Noreide    5 poeng

Gjer ein fin jobb som midtstoppar. Er på etterskot ved første scoringa til Førde. Gjer imidlertid sitt til at vi føler oss trygge på forsvaret.

 Rein Isane                  5 poeng Roar Eriksen               6 poeng Georg Nesse               4 poeng Arve Sjotun                5 poeng

Kjemar godt i forste omgang og går tøft inn i duellane, men manglar litt i speleregisteret sitt når det gjeld varisjon i spelet til å få toppkarakter.

 Hakon Haugen           6 Johannes Nilson         7 BB

Kjempar godt igjennom heile kampen og sjølv om han ikkje lukkast med alt er det trass alt han som i denne kampen har det storste registertet å spela på - og får 7 poeng for å skille mot dei andre.

 Kim Andre Marifj;ren 5

Stort potensiale, men er nok framleis litt ”lett” som einsleg spiss. Fordel at han er rask, men kunne vist meir styrke og pondus i duell med midstopparene.

 Kristian Inge Nesse    7

Viser at han tilfører noko ekstra når han kjem inn. Gjer sitt til at Balestrand er eit mykje betre lag etter pause, vinn likevel ikkje BB prisen daa vi berrre fekk sett han i ein omgang.

 

Per Inge Belt  (30 min)                      6 poeng

Vi er postive til nykomaren. Har eit godt skot og torer å gå i duellar.

 

Øyvind Neset  (15 min)                     6 poeng

Bidreg med styrke og ro på midtbana. Flink til å slå litt lenger pasningar enn 5 meter og få variasjon i spelet.

 Arnstein Menes (15 min)       6 poeng

Scorar alltid mål. Kunne vore eit naturleg førsteval i denne kampen på topp.



Skrive av: Hans Olav Bale (16.08.10 - 11:00)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935319 besøk, sidan 18. juli 2005