Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Guttelaget avslutta med seier



Asgrim fekk uttelling denne kvelden (arkiv)
Foto:Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Guttelaget avslutta vårsesongen med 11-0 mot Hafslo i ein ikkje altfor velspelt kamp

 

Guttelaget hadde ei klar målsetjing om å gå ut å spele fin fotball mot Hafslo. I første omgong såg vi dette berre glimtvis. Vi starta bra og rulla fint opp på høgrekanten der Nikolai var livleg. Utover i omgongen vart det mange unøyaktige pasningar og lite som stemte mellom løp og pasning. Etter kvart var det også lite bevegelse. Etter ein litt rotete omgong kunne vi gå til pause med 3-0.

I andre omgong stemte ting betre. Spesielt moro å sjå Tor som var utespelar denne kampen raide opp langs høgresida og score eitt av måla. Då dette vart ein litt spesiell kamp, fekk nokre spelarar litt nye roller og fleire fekk prøve seg framover. Fleire kom på scoringslista der Asgrim (5), Birk (2), Georg, Kjell Andre, Tor og Fredrik (1 kvar). Balestrand stoppa med andre ord på 11-0 denne kvelden.

Etter dette kan guttane ta seg ein velfortent ferie. Dvs vi satsar på å halde det gåande med ei fellestrening i veka, tysdagar 18.30 for dei som vil og kan. Elles er det viktig med eigentrening gjennom sommaren! Dette kan vere både fotball og anna ein kan få til!

God sommar frå trenarane Arild, Hermund og Arne.

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (16.06.10 - 09:28)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943902 besøk, sidan 18. juli 2005