Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Guttelaget imponerte i Årdal



Frå kunstgraset i Øvre Årdal (Arkivbilete)
Foto:Arne Abrahamsen

Torsdag reiste vi den langevegen til Øvre Årdal for å møte serieleiaren Jotun. Det blei ein tett og jamn kamp, der Balestrandgutane viste både moral og gode ferdigheiter.

 

Etter bortesigeren mot Vik var innstilling og glød på plass før kampstart. Med Kåre vekke måtte vi nok ein gong komponere ny forsvars rekke, no med Kjell Andre og Kristian i midten. Elles satsa vi også denne kampen på eit lag med offensiv kraft - og vi satsa på å gå utpå å spele god fotball og gje Jotun skikkeleg kamp.

Jotun viste seg raskt å ha mange gode spelarar med store ferdigheiter og ikkje minst stor fart. Høgresida deira var ein konstant trussel, og i front hadde dei ein spelar med både teknikk og fart som kunne skape mykje på eigenhand. Sjølv om også vi kombinerte fint ved fleire høve, kom til halvsjansar og sette oss litt i respekt, var Jotun best i starten. Jotun fekk ei billeg straffe - men den sette dei utanfor. Likevel scora dei etter kvart to og leia 2-0 uti omgongen.

Men Balestrand kom stadig meir inn i kampen og vi klarte å rulle opp litt på høgre og gjennom midten. Fleire gode skot heldt også Jotunkeeperen varm i trøya. Mot slutten av omgongen lukkast vi. Birk fyrte av frå distanse og ballen stussa inn ved venstre stolpe. Dette var ei viktig redusering før pause.

Etter pause klarte vi i større og større grad å tette att for Jotun. Vi skapte og mange flotte angrep der vi kom med mange spelarar og burde ha sett både eitt og to mål. I staden er det Jotun som får drømme treff frå langt hald og ballen fyk opp i høgre kryss. Sjølv om det er 3-1 har ikkje Balestrand nokre planar om å gje opp. På corner får Birk fatt i ballen ved kortlina , fintar og leggi framføre mål der Kjell Andre kastar seg fram og tuppar innlegget i mål; 3-2 og nytt håp. Vi får mest ikkje pusta ut før det som er att av Jotun sitt angrep spring gjennom aleine og scorar enkelt og det står 4-2.

Sjølv om det er fortvilande etter godt spel høyrer vi oppmuntrande prat på bana. Dette er ikkje over. Vi kan klare dette. Kom igjen.. Og Balestrand malte på og spelte verkeleg bra no på slutten. Og vi får lønn for strevet. Martine set ballen i mål frå kring10 meter etter dødball, og scorar også i denne kampen! Så kjem eit kjempeflott angrep. Birk spiller fri Georg som avanserer mot eit ryggande Jotunforsvar og slepp ballen perfekt til Asgrim som plasserer ballen ned i høgre hjørne etter å ha lagt ballen til rette med ein touch. 4-4 står det no og vi kjører kampen. Då får ein jotunspelar ein skade og vert liggande i nesten 5 minuttar på bana. Ironisk nok har vi ikkje tid til å spele opp att alle minutta for vi må å nå ferja .. Vi har oppspelet til ein stor sjanse når Asgrim er på vei gjennom med ballen i beina. Ein Jotunspelar heng på slep og bruker armar for å stoppe løpet, og klarer det. Dommaren meiner dei er like gode - så då vert det ikkje noko meir av det.

Kampen ender 4-4. Sjølv om vi nok kunne ynskt å ha hatt nokre marginar med oss, både i einskilde dommaravgjerder og ikkje minst i eigne avslutningar, er vi svært godt nøgde med den prestasjonen vi har levert. Ein observatør frå fotballkretsen var også og såg på kampen denne kvelden, og var imponert over fleire av balestrandspelarane. Jotun var også klare på at dette var beste laget dei hadde møtt - og keeperen deira sa det var beste kampen han hadde spelt denne sesongen. Litt uheldig for oss det då, men det er flott å sjå at sjølv om det er intenst på bana er spelarane svært gode kompisar etter kampen. Det er langt frå Årdal til Balestrand, men denne kvelden verka turen kort.

Vi stilte med følgjande lag:

Tor Tjugum
Tor er keeper i heile kampen og står igjen ein svært god kamp. Har også i dag fleire klasseredningar ikkje minst når deira spiss er aleine gjennom. Morsomt å tenke for ei utvikling Tor har hatt på nokre månader! Eit levande døme på at tidleg topping ikkje er så lurt.

Kjell Andre Bakken
Speler saman med Kristian som midtstoppar. Har litt utfordringar i starten, og har ikkje ein heilt lett oppgåve når det gjeld å passe på deira raske teknikar. Kjell Andre gjev alt og spelar til han kryp baki der. Får betre og betre tak i eit samarbeid med Kristian. Vert også lønna med eit mål i dag.

Kristian Hellenes
Vi er pressa i starten, men utover i kampen har vi stort sett god kontroll. Løper opp mykje og er også flink å bryte. Kan jobbe litt med nøyaktige pasningar og ikkje klareringar når det er tid til det.

Jonakim Hanevik
Jonakim spelar høgre back. Er ikkje den sida vi vert utfordra hardast, og løyser oppgåvene bra. Slår nokre gode pasningar. Kan jobbe vidare med temp/balltempo og komme litt framover og bidra offensivt.

Tommy Ese
Spelar høgre back ut i andre omgong. Gjer fleire gode klareringar og tek det meste som kjem på sin kant.

Roger Sande Fjærestad
Roger får ein svært vanskeleg oppgåve på venstrebacken. Slit i starten med plassering og starte i tide. Det er kjekt å sjå at Roger klarer å justere dette utover i kampen, og etter kvart ser vi mindre og mindre til deira høgrekant. Til slutt ser vi han faktisk ikkje i det heile.

Nikolai Sungot Sunde
Nicolai speler høgre midtbane. Vi ruller opp nokre fine angrep på høgresida, og ser kor viktig det er at Nicolai held breidde og brukar fart når han får ballen. Må ut med ei lårhøne i første omgong. Men vil utpå att i andre og spring smertene av seg. God moral.

Knut Lee
Speler på høgre midtbane. Er ei litt uvandt rolle og slit nok litt etter trykken han fekk på sykkel. Har litt tempoproblem, noko han sjølv har tinga trening på for å bli betre. Her nokre fine pasningar der vi kombinerar oss framover på høgresida.

Martine Wolff Nesse
Martine spelar midtbane saman med Georg. Løyser denne oppgåva svært godt i dag. Gjer mange gode val med ball og står heller ikkje tilbake for nokon av gutane i duellspel. Scorar nok eit mål - og gjennomfører ein imponerande kamp.

Georg Nesse
Speler sentral midtbane med Martine. Jobbar godt og er med å ta tak slik at vi etter kvart dominerer midtbana. Flink å snakke og har eit herleg framspel og assist til Asgrim før siste målet.

Fredrik Hanevik
Fredrik speler venstre midtbane/kant. Har problem i første omgong å komme raskt nok opp på si side når vi angrip. Rekk ikkje fram på bakerste når vi rullar opp på høgre sida, og har få heilhjerta løp med høgt tempo. Slit litt med eine foten? Dette kjem seg i andre omgong då Fredrik kjem mykje meir med i kampen. Nydelege dødballar.

Birk Isane
Birk speler ein offensiv midtbane/hengande spiss. Stor løpskapasitet kjem betre og betre til sin rett utover kampen. Fintene sit i dag og drillar til tider med midtbana til Jotun. Set ofte stor fart og slår mange presise pasningar. Scorar eit mål også. Speler ein botnsolid kamp frå start til slutt.

Asgrim Farnes
Asgrim kjem etter kvart til mange sjansar. Fyrer frå alle hald, men ein kombinasjon av at ikkje marginane er heilt med og ein svært god keeper, gjer at mest heile kampen går før ballen endeleg ligg i nettet. Er bevegeleg og speler seg fram til mange sjansar. Er rett og slett ein giftig spiss.

 

 

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (16.06.10 - 00:28)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935956 besøk, sidan 18. juli 2005