Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Guttelaget med første borteseier



Birk sprang frå dei i midtbana - med ball (arkivbilete)
Foto:Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Måndag spelte guttelaget ein utsett kamp mot Vik på Vik stadion. Vi har sjeldan kome heim med mykje frå Vik, men denne gongen var vi lette i steget på vegen ned mot ekspressen


 

Bortekampane har vore vanskelege i år. Men med kort reise på ekspressbåten og litt tenning slik det skal vere framføre eit nabooppgjer, var det glimt av optimisme å spore i trenarteamet. Vi sette opp eit lag med stor offensiv kraft og ynskte å ta kommandoen å score tidleg.

Slik gjekk det ikkje! Vi vart overspelt dei første 20 minutta. Det bles motvind frå alle kantar og raudstubben kom no og då som store støvskyar inn over bana. Vi blei regelrett pressa bakover. Midtbana fekk ikkje tak og forsvaret vakla, og vi var i grunnen litt heldige at Vik berre scora eitt i denne perioden.

Så som ved eit klokkeslag endra kampbiletet seg. Vi fekk justert litt i midtbana og våre kantar og backar fann ut av Vik sitt kantspel. Vi fekk plutseleg mange brot og vi fekk kontakt mellom midtbane og angrep. Då veit vi at det kan fungere! Georg lada kanonen og small til frå 30 meter. Ballen duppa over keeper og small i tverrliggaren og ned i bakken - og ut igjen. Men her fulgte Fredrik fint opp og kom først på returen som han sette kontrollert i lengste hjørne. No produserte vi fleire sjansar med skot som strauk stolpane - dessverre for oss på utsida. Men vi fekk utteljing før pause då Birk sette inn 2-1 målet med eit velplassert skot i venstre hjørne.

Andre omgang starta der 1. slutta. Balestrand var hakket kvassare enn Vik. Vi dominerte midtbana - Birk regelrett sprang frå dei med ball i beina og sette opp Asgrim eller Fredrik gong etter gong. Og vi produserte mange fine sjansar. Utelinga kom derimot først etter at dommaren peikte på straffemerket etter ein hands inne i feltet. Denne sette Georg sikkert i mål. Så kom endeleg Asgrim også på scoringslista når han la ballen ned i høgre hjørne - med venstrefoten. Med vanleg utteljing hadde vi scora fleire, men slik er fotballen - og det var ikkje så lett på uvant underlag og med sterke kastevindar.

På slutten av omgongen kom Vik meir med i kampen att. Georg som har vore sjuk gjekk litt tom og fekk litt krampe i beina. Dette utnytta Vik og skapte nokre farlege gjennomspel i bakrom samt nokre gode skot frå distanse. Bakromsløpa klarte Kåre i hovudsak å avverge, medan Tor varta opp med fleire flotte redningar. Tor framstod litt som dagens mann, og fekk mange godord etter kampen.

Kampen enda 4-1 til Balestrand, og det var ein godt nøgd gjeng som sette kursen heimatt. På kaia i Balestrand vart vi møtt av store delar av mødreklubben og til og med med sjokoladekake som Merete hadde baka. Slikt smakar!

Vi stilte med følgjande lag:

Tor Tjugum
Tor er keeper i heile kampen og står ein svært god kamp denne måndagen. Har fleire klasseredningar og bidreg stort til at vi tek med oss tre poeng frå Vik. Er dagens mann!

Kåre Thue
Speler saman med Kristian som midtstoppar. Har saman med resten av forsvaret ikkje kontroll i starten av kampen. Kommunikasjonen med Kristian fungerer ikkje heilt i denne perioden. Spelar seg stort opp utover i kampen.

Kristian Hellenes
Som for Kåre er det vaklande dei første 20. Kristian er rett og slett litt for snill, og let Vikspelarane forsyne seg først. Dette kjem seg til liks med Kåre stort utover i kampen, og viser noko av sitt store potensial. 

Jonakim Hanevik
Jonakim spelar først venstre back. Slit i staren mykje med ein rask krabat. Bytter side med Nikolai og får etter det mykje betre kontroll.

Nikolai Sungot Sunde
Nicolai speler back og gjer ein heroisk innsats med vonde bein. Han lurer på om vi kan bytte, men vi vert samde om at vi heller får bære han til båten etter kampen om det trengst. Demmer etter kvart fint opp på kanten - og gjekk sjølv ned til båten etterpå.

Roger Sande Fjærestad
Roger vert kasta inn i midtbana når Kjell Andre kjem krabbande med krampe i magen. Vert kasta vidare ut på høgre kant og gjer ein god jobb her. Har eit herleg driv som vi kan utnytte enda meir. Dette kan bli spesielt bra med litt meir trening på basisferdigheiter og "hovmesterblikk".

Kjell Andre Bakken
Kjell Andre spelar i midtbana. Slit i rolla i starten og er litt både her og der. Må ut med krampe i magen. Får roa litt ned og gjer ein solid jobb i midtbana når han kjem inn att.

Martine Wolff Nesse
Martine spelar midtbane saman med Kjell Andre og etter kvart Georg. Vert overspelt i starten, men får mykje betre kontroll saman med Georg etter kvart. Kjemper godt gjennom heile kampen. Endar opp som høgre back i sluttfasen og løyser også denne rolla godt.

Birk Isane
Birk skal spele ein offensiv midtbane/hengande spiss. Kjem lite inn i spelet i starten. Kjem etterkvar lenger ned i bana og er med på å stabilisere midtbana utover i kampen. Speler stort i  det meste av andre omgong. Midtbana til Vik vert bokstaveleg vert parkert når Birk spring frå dei med ball i beina. Eit mål og ny solid kamp

Geore Nesse
Startar på høgre kant for å få samla offensiv slagkraft. Fungerer ikkje spesielt bra i starten av kampen, - men då fungerte i grunnen lite. Speler seg opp når han kjem inn sentralt. Skal ha mest halve kreditten for 1-1 målet, og set inn straffa til 3-1. Vert sliten på slutten etter sjukdom.

Fredrik Hanevik
Fredrik speler venstre midtbane/kant. Fredrik vakna midtveis i 1 omgong og sette i gong å takle og vinne ball på kanten. Dette var avgjerande viktig å demme opp på denne kanten då det var her og i midten Vik rulla opp sine angrep. Set roleg inn 1-1 målet etter Georg sit kanonskot,  og er friskare enn i førre kamp. Bra!

Asgrim Farnes
Asgrim er mest ikkje med i spelet før det har gått 20 minuttar. Men då byrjar det å smelle. Uheldigvis for oss strauk skota som oftast på feil side av stolpane og det var det lite som traff mål i dag. Det som var spesielt positivt var at Asgrim verkeleg sette fart med ball i beina og til liks med Birk spring frå dei - runda forsvararen på høgresida gong på gong. Sjølv om det "berre" vart eitt mål i dag, var det som vanleg mykje bra - og så scoring med venstre då. 

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (09.06.10 - 09:04)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939299 besøk, sidan 18. juli 2005