Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Guttelaget reiste seg



Asgrim scora 3 i dag og (Arkivbilete)
Foto:Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Etter ein litt skuffande førestilling mot Lærdal, viste gutane frå Balestrand igjen fin fotball då Kaupanger kom til Kreklingen

 

Med både Per, Georg og Kristian ute, stilte vi i utgangspunktet med eit litt svekka mannskap. Ikkje minst måtte vi komponere eit heilt nytt midtstopparpar. Men om vi no skulle ha hatt nokre bekymringar før kampen, vart dei raskt glømt når Terje bles i fløyta. Med offensiv instilling tok Balestrandgutane raskt tak i kampen.

Vi fant ein fin rytme i det offensive spelet med gode pasningar og fine kombinasjonar. Etter ein stor sjanse med Asgrim i opningsminutta som keeper reddar fint, så klarer ikkje Kaupangreforsvaret å stå i mot når Birk litt seinare tråklar seg gjennom på venstresida med stor fart og kraft, og set ballen forbi keeper i lengste hjørne.

Kjell Andre held fram med farlege frispark. Frå 30 meter litt ute mot venstre skyt han ballen med litt overskru mot bakerste kryss. Men keeperen deira gjer ei umogeleg redning - og fistar ballen ørlite slik at den smell i krysstanga. For ein retning den hadde...

På kornar er vi farlege! Først smell ballen på ny i krysstanga. Så på neste forsøk dukkar Roger opp, og set ballen kontant ned i venstre hjørne. Første mål til Roger! Og 2-0 til Balestrand.


Før pause puttar Asgrim på til 3-0, og Balestrand leiar komfortabelt. I andre enden er Kjell Andre og Kåre kongar i midtforsvaret og Kaupanger kjem mest ikkje til ein sjanse. På venstre back spelar også Roger med stor energi og bidreg i tillegg flott offensivt innimellom.

Etter pause held det gode spelet fram. Midtbana med Birk og Martine har god defensiv kontroll. I dag er kantspelarane også flinke til å trekke inn i bana i markere ut spelarar når Kaupanger prøver å angripe. Dette gjev også mange brot, og vi rullar fint opp og brukar ofte kantar som ligg breitt når vi angrip. Dette gjev resultat! Asgrim puttar 2, Birk eitt og Martine set inn eit flott mål frå like innom 16-meteren ned i høgre hjørne. Dette er Martine sitt første mål for sesongen og vi kan føre enda ein spelar på scoringslista! Kaupanger reduserar ein gong innimellom etter ein liten tellefeil på eit raskt teke frispark. Dette gjer at sluttresultatet vert 7-1 til Balestrand

Det var moro å sjå at laget presterte svært godt, både einskildspelarar og som eit kollektiv, sjølv om vi i utgangspunktet mangla fleire nøkkelspelarar. Dette viser at fleire spelarar stadig tek steg, presterer betre frå kamp til kamp og tek ansvar. Det er verkeleg motiverande og kjekt for oss i trenarteamet å vere med på!

For dei som lurer på kven kroppen med skyggelue og Moldedialekt om er begynt å rope på sidelina i lag med Arne og Hermund - så er det Arild Haukaas. Han har flytta hit til bygda og har med seg mykje god erfaring og kunnskap. Etter ei økt og to på sidelina og litt i bakgrunnen syntes han vi var ein kjekk gjeng - og vi fann fort ut at dette var ein likande kar. Så no er Arild ein del av teamet - og har blitt ein som både vi andre trenarane og spelarane set stor pris på.

Vi stilte med følgjande lag:

Tor Tjugum
Tor er keeper i heile kampen og har ikkje all verda å jobbe med då forsvaret rydda opp i stor stil i dag. Viser eit par gode aksjonar i dag og.

Kåre Thue
Speler saman med Kjell Andre som midtstoppar og overraskar oss i trenarteamet med ein botnsolid kamp. Kåre har også tatt store steg og er blitt ein svært god duellspelar både på hovudet og langs bakken. Spring i tillegg opp ein del ballar i bakrom. Dette viser han i dag til fulle, og er ikkje minst flink til å snakke med Kjell Andre slik at dei fordeler oppgåvene fint mellom seg.

Kjell Andre Bakken
Kjell Andre spelar midtstoppar i dag og løyser oppgåva tilnærma perfekt i lag med Kåre og resten av forsvaret. Duellerer godt og har gode framspel. Farleg på frispark i dag også - berre marginane gjorde til at det vart stang ut - og ikkje inn.. Vi har drømt om det målet! Vert litt sliten mot slutten. Ei utviklingsoppgåve er då definitivt å trene kondisjon.

Jonakim Hanevik
Jonakim spelar høgre back. Har god kontroll og er flink med ball. Kan av og til komme litt raskare inn i situasjonane slik at motspelar ikkje får ro til å kontrollere ballen.

Roger Sande Fjærestad
Roger speler venstre back og speler sin beste kamp i balestranddrakta! Speler med stor energi som back og kjem på fleire løp. Har også god defensiv kontroll i dag med trygge klareringar og fleire presise pasningar. Får også sitt første mål i dag. Kjempebra!

Martine Wolff Nesse
Martine spelar midtbane saman med Birk. Er uredd og vinn mange duellar. Speler eit fint kombinasjonspel med Birk og er også flink til å spele fri kantspelarane. Beheld roen og gjer heile tida konstruktive val med ballen sjølv om det vert trongt og ho vert pressa. Dette er viktige eigenskapar spesielt for ein som skal styre spelet frå midtbana.

Birk Isane
Birk tek effektivt ut Kaupanger sin midtbanegeneral i det defensive spelet. Vinn dei fleste duellane og er flink til å sette fart med ball og spele fri både kantar og spissar. Scorar to fine mål på gjennombrot og langskot.

Nikolai Sungot Sunde
Nicolai held fram som høgre midtbane/kant. Vert mykje involvert. Vert med ein gong farleg når han set tempo med ball langs lina eller inn mot mål for den del. Kunne ha vore nokre fleire slike heilhjerta initiativ. Dette vert fokus vidare.

Tommy Ese
Spelar i ei totalt ny rolle når han vert sett inn som midtbane på høgresida! Har nokre smarte små pasningar som opnar opp og nesten vert målgjevande. Godkjent!

Fredrik Hanevik
Fredrik speler venstre midtbane/kant som vanleg. Fredrik vert på same måte som Nicolai ofte involvert i spelet og gjer mykje bra med ballen. På same måte som for Nikolai saknar vi også frå denne kanten av og til omstilling i tempo når ballen kjem ut på kanten. Dette har Fredrik inne - det er berre å gjere det litt oftare.

Asgrim Farnes
Asgrim er ein konstant trussel for eit kvar forsvar. Det fekk også Kaupanger merke. Sjølv om ikkje alle treff er like klokkereine vert det 3 mål i dag og...så då så

Knut Lee
Speler i spiss gjennom heile kampen. Knut som var litt "bedageleg anlagt" for berre eit halvt år sidan, jobbar no som ein helt kampen gjennom. Spring og forstyrrar slik at vi stadig vinn kornarar eller innkast høgt oppe på bana. Får nesten også eit mål i dag. Ny flott kamp!

 

 

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (08.06.10 - 22:54)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935227 besøk, sidan 18. juli 2005