Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Seier




Foto:

Storsiger mot dei nestbeste i Høyanger etter god førsteomgang


Balestrand stilte med følgande lag: (Balestrand 4-4-1-1)

Ole Tjugum

Theodor Kvikne - Mangus Algrøy - Gustav Nesse - Sven Arne Lundeby

Adrian Wolff Nesse - Johannes Nilsson - Rein Arne Isane - Roar Eriksen

Kristjan Ingi Nesse

Eirik Thue

 

Bytte Balestrand:

Espen Midttun 49 min for  Rein Arne Isane

Arnstein Menes 16 min for Eirik Thue

Øyvind Neset 11 min for Theodor Kvikne


Mål:
1-0 Roar Eriksen (7)
2-0 Eirik Thue (22)
3-0 Eirik Thue (35)
4-0 Adrian Wolff Nesse (39)
4-1 (45)
4-2 (62)
5-2 sjølvmål (84)
6-2 Kristján Ingi Nesse (92)

Ingen gule eller raude kort

Balestrand leia svært fortent 4-1 etter ein glimrande førsteomgang med fleire flotte scoringar.

1-0 kom etter trekk med Roar-Eirik-Kristján-Tverrliggar-Roar. Vakkert.

Så to kjempeflotte avslutningar frå Eirik etter servering frå Kristján Ingi. Først brysta sistnemnde ballen inn i boksen der Eirik sette den i nettaket. 3-0 var kampens flottaste angrep. Eirik hælsparkar ut til KI som legg igjen inn i feltet til Eirik som set ballen kontant i nettet.

Høyang prøver å spele fotball, men blir overspelt i første omgang. Laget blir imidlertid så invitert inn igjen i kampen av heimelaget på 4-0. På redusering 2-4 begynner det å sjå stygt ut, men Balestrand skjerpa seg og vann komfortable 6-2 til slutt. 

Svært mykje positivt i dag, men laget har også enkelte ting som må innskjerpast. Fleire tilfelle av svak markering i forsvaret der ein fleire gonger let Høyang komme til først på ballen, kunne lett ha gjeve fleire baklengsmål. Mot eit betre lag kunne ein vorte strengt straffa her. Også negativt at ein let Høyang komme inn att i kampen. Utan at dette er spesielt atypisk når eit lag leiar komfortabelt 4-0.
 

Balestrand 4-4-1-1: 

Ole Tjugum - 4 - begynnt å snakke meir. Positivt. Roleg dag. Sjanselaus på velplasserte langskot . Spesielt Dingsøyr si scoring  klistra i vinkelen var ei perle.  

Theodor Kvikne - 3 - 

Gustav Nesse - 4 -

Magnus Algrøy - 4 - Nestsist på sjølvmålet til Høyanger etter frispark frå 60 meter.

Sven Arne Lundeby - 3 -

Adrian Wolff Nesse - 4 - Frisk på høgrekanten. Scorar 4-0 på eit djupt løp etter at søskenbarn Kristján Ingi si runding av keeper blir redda på streken.

Johannes Nilsson - 4 - Jobbar og slit. Svært nær scoring i dag. Spesielt stolpeskotet etter 64 minutt kunne fått ein betre skjebne.

Rein Arne Isane - 3 - Klarte ikkje å markere seg dei 41 minutta han var med

Roar Eriksen - 4 - Glimrande teknikk, men markerer seg lite utover eit flott mål.

Eirik Thue - 5 - Først og fremst pluss for to kjempescoringar. Kunne lett blitt hat-trick, spesielt åleine med keeper frå 5 meter like før pause.

Kristján Ingi Nesse - 6 - eit mål og nestsist på fire scoringar i tillegg til fleire store sjansar. Konstant trussel for Høyang forsvaret. Klart banens beste. Kristján Ingi skadefri og i form er heilt nødvendig for at dette laget skal kunne halde Bjørn og Dale 2 bak seg på tabellen.

Espen Midttun - 3 - Litt smårusten og ikkje alltid ven med ballen. Viser imidlertid potensiale og headinga like over etter frispark kunne lett ha gått inn.

+ glimrande angrepsfotball i første omgang.

- ruskete forsvarsspel og at ein sleppte Høyang inn att i kampen



Foto:



Skrive av: (07.06.10 - 09:28)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943916 besøk, sidan 18. juli 2005