Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Guttelaget klarte ikkje å følge opp


Eit godt Lærdalslag vart for sterke mot eit litt daft Balestrandlag.

Balestrandgutane tapte 7-2 mot Lærdal i siste kamp. Etter spel og sjansar må vi berre vedgå at Lærdal var eit godt lag og betre enn oss i denne kampen - og vann fortent.

Ingen av spelarane meinte det var veldig nødvendig med spelarvurdering denne gongen. Det har nok litt med at dei fleste presterte under pari. Spelarane var jamnt over rett og slett daffe og lite på hogget. Då fell fort prestasjonane, og ikkje minst initiativ og gode taktiske val.

Kanskje må reisa i varmen ta litt av skulda, men dette var ikkje heile forklaringa. Vi har snakka litt i etterkant om at det er kvar einskild spelar sitt ansvar for å vere godt førbudd til kamp. Det gjeld sjølvsagt å ha nok søvn og mat, men også å vere konsentrert og ha tenkt i gjennom arbeidoppgåver. Til slutt er det også viktig å ha eit vist tenningsnivå - ein glød og ein vilje til å prestere godt - ein vilje til å ville vinne.

Det var likevel eit par lyspunkt som kan trekkast fram. Knut scora sitt første mål på 11-arfotball og held fram den fine framgangen han har vist dei siste månadene. Martine spelte også ein bra kamp etter ei litt svak forestilling mot Vik på jentelaget dagen før.  

Neste kamp er heime på Kreklingen mot kaupanger i morgon torsdag 3. juni kl 19.00. Vi håper at vi og de som kjem for å sjå på og heie får sjå eit lag som kan heve seg nokre hakk og finne att noko av flyten frå Syrilkampen.  



Skrive av: Arne Abrahamsen (02.06.10 - 22:04)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935820 besøk, sidan 18. juli 2005