Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med bortetap mot Sogndal




Foto:Tambar cup

Jentelaget tapte heile 6-1. Dermed klarte ikkje jentene å følgje opp den gode heimekampen mot Sogndølane.

Kampen vart spelt på Hafslo og heldigvis ikkje inne i Sognahallen slik som først planlagd. Som vanleg tok det tid før jentene kom i gang med spelet og Sogndal scora to mål innan det var gått ti minutt. Då er det vanskeleg å vinne fotballkampar.

For å gjere historia kort, så leia Sogndal 4-0 etter første omgang. Sogndal var flinke til å kome fram på kantane med raske spelarar og  våre backar fekk køyrd seg. Balestrand hadde imidlertid sine sjansar. Oline, som vart tett markert heile kampen,  kom til tre store sjansar i denne omgangen utan å lykkast. I den siste situasjonen sette ho ballen i mål, men scoringa vart blåst av for offside, noko underteikna meiner var feil. 

Ettersom kampen allereie var køyrd vart me samde i pausen om å prøve å vinne annan omgang.

I annan omgang var det Sogndal som hadde mest banespel. Bortelaget klarte imidlertid å skape ein del gode sjansar også i denne omgangen, men var for lite bestemt føre Sogndal sitt mål. Nærast var Mari då ho traff stolpen på eit knallhardt skot frå god posisjon. Oline scora bortelaget sitt einaste mål direkte på hjørnespark. 

Fortent siger til Sogndal som var hakket betre enn Balestrand denne gongen. Kampen var imidlertid jamnare enn sluttresultatet skulle tilseie. Den største skilnaden på laga meiner eg var at heimelaget var mykje meir besluttsome føre mål. I tillegg hadde Sogndal ein god keeper.

Martine var dominerande og stod fram som ein leiartype i denne kampen og viste at ho er i framgang og klar for spel på eit høgare nivå enn jentelagsfotball.


Martine jobba steinhardt heile kampen
Foto:Tambar cup



Skrive av: Alf Høyrem (02.06.10 - 16:13)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943863 besøk, sidan 18. juli 2005