Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget nedkjempa av Vik




Foto:Erik Hoel

Jentelaget tapte 3-1 mot Vik. Dermed gjekk jentene på sitt andre tap for Vik denne sesongen.

Det stod 1-1 på resultattavla etter ein jamspelt første omgang med få sjansar. Laget frå gamalostbygdi scora etter 18 min på sin einaste sjanse i omgangen på eit skot frå om lag 18 meter. Etter halvtimen utlikna Elsa på eit utruleg skot frå 40 meter!. Heimelaget hadde i tillegg ei nettkjenning, etter eitt av få fine angrep, som korrekt vart avblåst for offside. I tillegg eitt skot som gjekk i stolpe og ut. 

Andre omgang var og relativt jamspelt med eit overtak til Balestrand. Midtvegs i omgangen hadde Balestrand nokre vanvittige sjansar. Martine heada i stolpen og etter flipperspel inne i feltet blåste Elsa ballen over frå fem meter. Minuttar etterpå gjekk ballen i stolpen og ut. I denne perioden burde heimelaget ha avgjort kampen. Men, i staden var det Vik som gjekk opp i leiinga knappe ti minutt før slutt. Berre tre minutt etterpå auka bortelaget leiinga til 3-1 og kampen var køyrd. 

Bortelaget sin taktikk med å falle raskt av med laget for å  hindre bakrom for våre raske spissar fungerte svært så godt. Heimelaget klarte diverre ikkje å utnytte dei store romma som opna seg føre forsvaret som pakka inn Oline på ein meisterleg måte. Her var det nemleg store muligheiter for avslutningar frå 16-20 meter for våre midtbanespelarar. Men, jentene hadde diverre skotvegring denne kvelden og gjekk seg stort sett fast i forsvarssekken føre mål. 

Heimelaget fekk ein leksjon i kva innsats og tøffheit betyr i fotball. Vik har ikkje all verden av tekniske gode spelarar, men har ein innsats og ein tæl som er imponerande. Dei kjempa heimelaget heilt ut av stilen. Det skal seiast at Vikjene i gjennomsnitt er eitt år eldre enn Balestrandjentene. 

Dette var eit nederlag som smerta både jentene og trenar. Me hadde verkeleg trua på at me skulle slå Vik denne gongen heime på kunstgraset. Diverre var det fleire spelarar som ikkje presterte det dei er gode for denne gongen. Vil likevel trekke fram Elsa som hadde ei utruleg scoring og som matchar fysisk sterke 16 åringar som er tre år eldre enn henne. Imponerande. 

Jentene må heve seg dersom laget skal ha håp om å ta poeng i neste kamp som vert mot Sogndal inne i Sognahallen komande måndag.



Skrive av: Alf Høyrem (27.05.10 - 16:26)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935335 besøk, sidan 18. juli 2005