Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Guttelaget imponerte mot Syril


Etter tap mot Syril i ein treningskamp tidlegare i vår, samt at Syril hadde bra resultat å vise til, gjorde at vi venta ein vanskeleg kamp. Men godt budde balestrandgutar leverte varene denne ettermiddagen...

 

Før kampen gjorde vi nokre endringar i posisjonar til fleire av spelarane. Georg vart flytt bak som midtstoppar saman med Kristian, medan Kjell Andre vart flytta opp i midtbanen. Jonakim kom inn som back medan Nikolai vart sett opp i ei midbane/kantrolle. Birk fekk ei noko meir offensiv rolle i midtbana samstundes som Asgrim vart trekt litt lengre ned frå sin spissplass for å bli involvert meir i det oppbyggande angrepsspelet. Dette viste seg å gje laget ein god balanse defensivt og fin kreativitet framover.

Første omgong var knapt sett i gong når tonen var sett. Gutane sette i gong med eit pasningsspel med presise pasningar og samstundes gode bevegelsar på dei rundt for heile tida å gje ballføraren gode alternativ. Etter fine kombinasjonar over mange trekk kunne Fredrik til slutt sette ballen i mål bak ein utspelt keeper og forsvar. Då var det gått nøyaktig 47 sekund på Geir si klokke...

Det andre målet kom etter ein strålande overgang med fart og presisjon. Birk tek ballen mest frå eige forsvar og sett full fart oppover. Han kombinerer med Asgrim med eintouch pasningar to gongar før han trillar ballen kontrollert forbi keeper.

Den tredje var eit skot ein sjeldan ser på guttenivå, og elles og for den del! Med venstrefoten skrur Asgrim inn ballen i venstre kryss medan han er i bevegelse på tvers av mål litt på utsida av 16-meteren, - glimrande rett og slett.

Fjerde scoring kom på eit langskot som Birk prikkar inn ballen nede ved venstre stolpe frå nesten 25 meter. Enda eit prov på at vi har god skotstyrke i lagt.

Så var det cornarane. Fredrik la desse med stor presisjon, nærast som å sjå reprisen frå gong til gong - og det vart farleg kvar gong. To mål vart det eit av Kjell Andre og eit av Georg.

Vi kunne etter dette gå til pause med 6-0 i protokollen etter ein solid førsteomgong. I tillegg til måla skapte vi fleire fine sjansar samstundes som vi hadde full kontroll bakover. Det som var spesielt kjekt var at spelarane stolte på sine eigne ferdigheiter og spelte god pasningsfotball, der vi endeleg også fekk kantane fint med i spelet. Midtbana klarte og å variere flott med kombinasjonsspel, lengre pasningar og ikkje minst å sette fart opp i mot forsvaret og bidra med avslutningar. Slik variasjon i spelet skaper rom for andre og alltid er vanskeleg å forsvare seg mot. Det var også kjekt å registrere at spelarane snakka langt meir enn vanleg!

I andre omgong falt kvaliteten i spelet noko. Vi har stort sett god kontroll bakover sjølv om vi misser litt i posisjonering og markering ved eit par høve, - men då spring Kristian dei opp og reparerer situasjonen ... Framover er vi litt meir unøyaktige, men skaper likevel nokre fine sjansar. Asgrim set inn to mål, eit langskot frå 30 meter som buar fint over keeper som er på halvdistanse. Like før slutt frå Syril sitt trøstemål på ein corner, og kampen endar 8-1.


Alt i alt må vi vere godt nøgd med kampen denne torsdagskvelden. Den var eit stort steg i reting av slik vi vil framstå som fotballag!

Vi stilte med følgjande lag:

Tor Tjugum
Tor er keeper i førsteomgong og har ikkje all verda å jobbe med. Tor har teke store steg som keeper i vinter, så det som kjem har han full kontroll på. Har spesiell fokus på eigen igangsetjing av spelet denne kampen. Her har Tor i oppgåve å jobbe vidare med presise utspel tilback og lange 5-metersspark.

Tommy Ese
Får litt meir ballkontakt enn Tor i andre omgong. Men også Tommy står glimrande og er trygg og god. Det er ein stor luksus å ha to så gode keeperar på laget. Kan ikkje gjere noko med målet som kjem på ein corner. Reddar ein stor sjanse i siste sekund.

Kåre Thue
Speler saman med resten av forsvaret ein god kamp. Kåre har også tatt store steg og er blitt ein svært god duellspelar både på hodet og langs bakken. Spring i tillegg opp ein del ballar i bakrom. Kan jobbe litt vidare med basisferdighet i mottak og pasning.

Kristian Hellenes
Fungerer veldig god saman med Georg i midtstopparrolla i denne kampen. Bryt framom og spring elles opp alt som kjem forbi førsteduellen. Nesten perfekt - men det er jo ingen; Kan jobbe vidare med kvaliteten på framspel under press, og så det å snakke

Georg Nesse
Får ei ny rolle som midtstoppar. Det spørs om dette vert hovudrolle framover - for dette fungerte tilnærma perfekt. Georg er flink til å snakke, dvs dirigere og oppmuntre forsvaret, i tillegg til at han vinn dei fleste duellane. Er også flink til å sette i gang spelet med gode oppspel til midtbana. Scorar på dødball. Solid kamp!

Jonakim Hanevik
Jonakim vart klar på onsdag og gjekk rett inn på venstre back i første omgong. Jonakim har fin ro med ballen og søker heile tida etter gode og konstruktive løysingar. Posisjonere seg litt feil ved eit par høve slik at det vert rom bak som motstandaren nytter, men dette er berre ei lita justering. Flott første kamp.

Roger Sande Fjærestad
Roger kom inn for Jonakim i 2 omgong. Jobbar i herdig og Syril slepp berre til på denne sida ved nokre høve. Lange gode innkast vert eit eige angrepsvåpen. Kan jobbe litt vidare med basisferdighet i mottak og pasning.

Nikolai Sungot Sunde
Også Nicolai får ei ny rolle i dag når han vert flytta frå back til ei kantrolle i midtbana på høgresida. Dette løyser han framifrå og speler sin klart beste kamp i blå drakt. Er flink å halde breidde i angrepa og er nesten heile tida eit oppspelsalternativ. Har også ein susar av eit skot frå 17-18 meter som hadde fortent ein betre skjebne..


Kjell Andre Bakken
Kjell Andre spelar defensiv midtbane, også det ei ny og uvant rolle for han. Men kven skulle tru det. Blomstrar rett og slett i rolla. Jobbar iherdig defensivt og gjer mange gode val i det offensive spelet. Scorar eit på corner i første omgong og har eit fabelaktivt raid i andre som han sjølv sett mot lengste stolpe, men som keeper så vidt reddar. Gir alt og må nesten bærast av bana ved bytte.

Knut Lee
Speler i midbana og litt heilt på topp. Knut er nok den spelaren om har teke mest tak og hatt størst framgang denne vinteren. Det er utruleg kjekt ein trenar å vere med på. Gjer ein god kamp i begge posisjonane. Kan jobbe litt med hurtigare involvering i situasjonane. Ei rask avgjerd vil gje litt betre tid og ro til ballbehandlig og god avlevering.

Birk Isane
Birk vart sett fram i ei meir offensiv midbanerolle i dag. Også Birk spelte ein av sine beste omgongar denne førsteomgongen. Er godt nøgd med at han varierer spelet med korte pasningar, lange pasningar i bakrom eller til kantane, set fart mot forsvaret trer i gjennom eller skyt frå distanse. Får fin rytme i samspelet medkantar og spissane. I tillegg to flotte mål. Får ein trøkk i venstrefoten og er redusert i andreomgong.

Fredrik Hanevik
Endeleg vakna Fredrik frå vinterdvalen og viser i lange periodar det vi berre har sett glimtvis dei to første kampane. Eminent ballkontroll og fleire flotte forseringar langs venstrekanten. Cornerane er utruleg presise og det er store målsjansar kvar gong. Eitt mål i tillegg. Dette var kjekt!

 

Asgrim Farnes
Asgrim vert trekt litt lenger ned i bana for å bli involvert i det oppbyggande spelet. Det fungerte mykje betre enn sist når han i større grad lurte på offside fella. Og for ein som skyt like god frå 20-30 meter som frå 5 meter gjer det jo ikkje så mykje. Tre mål og ei superscoring på 3-0 målet...

Per Aki Kvikne
Per Aki var nesten ikkje til å kjenne igjen frå tidlegare i vår. At namnet byrjar å dukke opp i trimboka på Klukshaug er eit godt teikn. Løpskapasiteten er tredobla på kort tid og innsats og innstilling er fem knepp opp. Denne kampen var det berre uflaks at det ikkje vart nettkjenning på ein stor sjanse på dødball. Flott framgang.

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (26.05.10 - 01:14)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935289 besøk, sidan 18. juli 2005