Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Friidrettens dag i Belehalli




Foto:Geir Harkjerr

Laurdag 2. april var Belehalli fylt av born i alle aldrar. Då var det nemleg friidrett som stod i sentrum i samband med Friidrettens Dag.

38 born i alderen 4 til 14 år tok del og kjempa i ulike øvingar.

40 meter sprint, spydkast, høgdehopp, lengde, frekvenshopp og balanse var dei øvingane som borna deltok i.

Ein funksjonærstab på om lag 15 vaksne, sytte for at borna fekk målt tider og lengder. Resultata vart skrivne på startnummeret, som alle på førehand hadde festa på rygg eller mage. Kvar einskild kunne på denne måten konkurrera med seg sjølv.

Det viktigaste med ein slik dag er at ein har det kjekt i lag, samstundes som ein kan få prøva seg i dei ulike øvingane.

Det heile var godt lagt opp, og borna såg ut til å ha det svært så kjekt. Det heile vart avslutta med overrekking av deltakarmedaljar til alle som var med.



Foto:Geir Harkjerr



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (02.04.05 - 19:19)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487205 besøk, sidan 18. juli 2005