Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Guttelaget med uavgjort i første heimekamp


Årdalstangen og Balestrand veksla om å føre kampen, så uavgjort 4-4 var kanskje ikkje heilt urimeleg,.

 

Etter tap mot Bjørn etter ein god første-, men dårleg andreomgong i Gaupne i første kamp, ynskte vi å prestere godt i denne første heimekampen. Men det var Tangen som starta best og kunne gå opp leiing etter 10 minuttar spel. Vi var litt ubesluttsame og fekk ikkje klarert ballen skikkeleg på både første og andre forsøk etter ein dødball, og i staden kunne ein Tangenspelar plukke opp ballen og sette inn scoringa frå relativt skrått hald.

Etter dette tok Balestrand over det meste av spelet og produserte fleire fine sjansar. Målet som kom helt også svært høg klasse! Asgrim klinka til frå utom 16.meteren og ballen satt limt oppe i venstre kryss. Før pause sette Georg kontrollert inn 2-1, og Balestrand kunne gå til pause med ei fortent leiing.

Det såg då også svært lyst ut når Balestrand gjekk opp i 3-1 etter ein rask overgang og fin kombinasjon mellom Georg og Asgrim. Men så skjedde det noko. Tangen stod på medan vi mistar konsentrasjonen i avgjerande augneblikk. Tangen reduserte, utlikna og gjekk opp i leiing... 4-3. Balestrandlaget vart litt stressa, gjorde nokre feil og fleire dårlege val. Vi veit vi kan betre enn det vi fekk til i denne perioden!

I motsetning til i kampen mot Bjørn står gutane og Martine verkeleg på mot slutten av kampen - og får til slutt lønn for strevet. Kjell Andre legg eit av fleire gode frispark på bakerste stolpe der Asgrim stormar fram og set ballen kontant i mål med eit perfekt hodestøt. 4-4 vert står det også når dommaren bles av.

Alt i alt var nok Tangen mest nøgd med resultatet, men vi må også vere nøgd med at vi trass alt klarte å komme att på slutten både med å heve spelet og få ei redusering! Det som også er positivt er at vi veit vi har meir inne om stoler på eigne ferdigheiter - også i tider av kampane der vi vert pressa.

Neste sjanse er heime mot Syril no torsdag 20.05 kl 19.00.
Det vert nok i utgangspunktet ein vankelegare oppgåve - men ikkje umogeleg!



Skrive av: Arne Abrahamsen (19.05.10 - 00:01)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935806 besøk, sidan 18. juli 2005