Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


A-laget slo Dale 2


Tre av tre og ni poeng er fasiten etter heimekampen mot Dale 2


Målet før kampen var å slå Dale sine nest beste gule og
blå. Den oppgåva gjekk greitt.



Solid omgang
Balestrand starta godt og spelte sin beste omgang for
sesongen, og fekk nokolunde utteljing. Kristjan Ingi Nesse
dunka inn to mål med pannebrasken, etter flotte cornerar frå Adrian Wolff Nesse. Øyvind Neset
pirka så inn eit innlegg frå sida enkelt i nettmaskene.
Stillinga til pause var 3-0.



Lite flyt
I andre omgang var det ein del rusk i maskineriet. Dale
kom meir med i kampen, og utlika rett før slutt. Dei bomma
også på eit straffespark. Men summa summarum var det full
fortent at poenga vart att i Balestrand. Daniel Bjåen burde ha skåra då han var aleine gjennom. Diverre vart ballen løfta over både keeper og tverrliggar.


Måtte ut
Lars Kjetil Nordeide spelte ein solid kamp før han måtte
kasta inn handkle etter ein duell mot slutten av 1. omgang. Smellen var
så kraftig at han måtte overnatte på sjukehus. Me håpar
han snart er tilbake på bana.



Debut
Av det meir hyggelege som skjedde kan det nemnast at Espen
Midttun gjorde comeback for moderklubben etter fleire år i
andre klubbar. Han kom inn i andre omgang. Publikum fekk
også sjå at Birk Isane gjorde ein god figur i sin første
kamp på a-laget. Ungguten tok over jobben på backplass for
sin meir rutinerte bror Rein.

 

Balestrand stilte med fylgjande lag frå start:
Ole Tjugum - keeper
Theodor Kvikne - HB
Magnus Algrøy - MF
Lars Kjetil Nordeide - MF
Adrian Wolff Nesse - VB
Øyvind M. Neset - HM
Rein Arne Isane - SM
Georg Nesse - SM
Johannes Nilsson - VM
Kristjan Ingi Nesse - OM
Eirik Thue - SS

Stian Midttun kom inn i 46. min for Lars Kjetil. Daniel Bjåen kom inn for Eirik etter 60 min. Birk Isane kom inn for Rein Isane etter 70 min.



Skrive av: (18.05.10 - 22:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935816 besøk, sidan 18. juli 2005