Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med siger mot Jotun



Bilde frå fjorårets tur til øvre
Foto:Erik Hoel

Jentelaget vann 3 – 5 mot Jotun på Jotun krøllgras etter ein svært dårleg førsteomgang.

Ein skulle ikkje tru at dette laget hadde spelt uavgjort mot Sogndal to dagar før. Eller kanskje det var nettopp difor, at dei ikkje hadde klart å lade batteria etter den gode kampen so kort tid i førevegen? For eit meir tafatt Balestrandlag enn det eg såg på Jotun krøllgras dei første 40 minutta, er det lenge sidan eg har opplevd.

Heldigvis var ikkje motstandaren all verden. Riktig nok hadde bortelaget det meste av spelet, men det var slapt  og ukonsentrert over heile linja. Jotun la seg  bakpå og satsa på kontringar ettersom dei hadde ein svært så rask spiss. Like før pause scora Jotun og dei kunne gå til pause med ei 1-0 leiing.

Det var ein slukøra gjeng som gjekk til pause, men som var samde om at det ikkje var mogleg å spele to så dårlege omgangar og som var samde om å gjere ein betre prestasjon i andre omgang. 

Heldigvis klarte jentene å heve seg eit par hakk i andre omgang. Det skal dei ha ros for. Omgangen var knapt kome i gang før Malin kunne utlikne på eit fint skot. Det gjekk imidlertid ikkje mange minutta før Jotun igjen var i føringa. Måloline kvitterte ganske raskt etterpå og Balestrand dominerte banespelet. Men, igjen klarte Jotun å score etter ukonsentrert forsvars og keeperspel. 

Jotun la seg lågt og sjølv om bortelaget no dominerte banespelet med til dels bra pasningspel, vart det spelt alt for mykje inn i midten mot eit overbefolka forsvar. Jentene fann heldigvis ut at dei burde skyte når forsvaret låg så lågt. Elsa, som kom fram på ein dødball, fekk klokkereint treff frå nærare 30 meter og ballen fauk i mål. Herleg tilslag på den jenta.Martine, som har eit vanvittig tilslag på ballen, fann og ut at ho skulle teste skotfoten. Ho scora to fine mål frå om lag 16 meter med berre få minuttar mellomrom. Dermed 5-3 siger til jentene frå perla ved Sognefjorden. 

Jentene får godkjend for andre omgang og får glede seg over dei tre poenga dei kunne ta med seg heim. For det vart ein lang heimtur. Ettersom det berre var ei ferje i drift mellom Fodnes og Mannheller var me ikkje heime før klokka hadde passert midnatt.



Skrive av: Alf Høyrem (13.05.10 - 22:29)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935255 besøk, sidan 18. juli 2005