Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med uavgjort mot serieleiarane



Til trass for utskiftingar har Balestrand fått fram eit godt jentelag også denne sesongen
Foto:Erik Hoel

Jentelaget spelte uavgjort 4-4 mot Sogndal måndag ettermiddag.

Sogndal har vore det suverent beste jentelaget i fylket dei siste sesongane. Sjølv om laget frå bygda lengre inne i Sognefjorden ikkje er av same kaliber i år som førre sesong, var det ein stor prestasjon av jentene våre å spele heilt jamt med Sogndølane. 

Det var bortelaget som kom best ut av startblokkane. Dei vann flest duellar og fekk etablert spel på heimelaget sin banehalvdel. Før ti minutt var gått leia Sogndal 2-0. Begge måla var av det lettkjøpte slaget der dei blåkledde var spesielt uheldig på eitt av måla.

Det heile såg riktig så ille ut, men i staden for å falle saman kom Balestrand seg gradvis inn i kampen, sjølv om Sogndal framleis vann for mange av duellane. Ei pasning i bakrom var alt som skulle til. Oline sprang som vanleg frå alt som var av forsvararar og scora sikkert. Dermed nytt håp for heimelaget. Etter scoringa hadde heimelaget bra kontroll bakover og Sogndal kom til få sjansar. Etter på nytt å ha vist kven som er den raskaste jentespelarane i fylket, kunne Oline utlikne. Dermed uavgjort til pause etter ein jamspelt førsteomgang. 

Andre omgang starta slik den første. Sogndal scora før det var gått eitt minutt og før ti minutt var gått, hadde dei scora eitt til. På nytt viste jentene våre ein flott arbeidsmoral og gav på ingen måte opp men var heilt jamne med motstandarane i baneseplet. Faktisk var det laget frå perla ved Sognefjorden som var det førande laget den siste halvtimen.  

Sogndal som tydelegvis hadde fått stor respekt for Oline, var redde for å etterlate seg bakrom. Likevel klarte Oline på nytt det kunsttykket å løpe frå midtforsvaret og pirke ballen forbi keeper og i mål. Bakover hadde forsvaret god kontroll. Balestrand sette i gang ein sluttspurt og sette bra trykk på Sogndal dei siste minutta utan at dei kom til mange store sjansar. Det såg ut som om det skulle bli eit knepent tap. Eitt minutt før slutt var det på nytt klart for Oline show. Martine lempa ballen i bakrom der Oline sette fart, brysta med seg ballen og med tre Sogndalspelarar hengande over seg klarte ho å kome seg fri og satt ballen i mål forbi ein utrusande keeper. Ein kjempeprestasjon. 

Dermed kunne jentene juble for ein god prestasjon. Ei skikkeleg arbeidsøkt der det vart jobba godt frå a til å. Reint spelemessig har imildertid laget meir å gå på. Det vart slått for mykje langt, og pasningsspelet har me sett betre før. Heile forsvaret jobba veldig bra. Sjølv om laget slapp inn ein del lettkjøpte mål var det mykje å gle seg over med mykje klokt spel. Elsa er berre så vidt fylt 13 år men spelar, i alle fall til tider, allereie som ein garva midtstoppar. Her er det talent i massevis. Brita har og funne seg godt til rette som omskolert midtstoppar.

God jobbing også av midtbana. Martine var dominant, slik me forventar at ho skal vere, og var både høgt og lågt. Oline er allereie nemnt. At ho kan løpe igjennom i bakrom og score veit me. Det ho gjorde, spesielt ved dei to siste scoringane i går der ho tok med seg ballen i stor fart før den tok bakken hardt pressa av forsvaret, var det høg klasse over. 

La gå at ikkje alt spelet i går var like godt. Eg er imidlertid imponert og stolt over lagånda jentene viste.


Mari jobba som vanleg godt
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (11.05.10 - 17:46)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935824 besøk, sidan 18. juli 2005