Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrand - Bjørn 3-2 (1-0)


Eit nervøst Balestrandlag med høge skuldrar rodde i land 3-2 mot Bjørn fredag kveld.

Mål: 
1-0 Roar Eriksen (36), 2-0 Kristján Ingi Nesse (59), 2-1 (64), 2-2 (80), 3-2 Arnstein Menes (85)
Gule kort: Bjørn (44), Bjørn (59). Raudt kort: Gustav Nesse (44).
 
To brukbare Balestrandsjansar i det 10. og 11. minutt vart avløyst av Bjørn scoring i det 21.minutt. Heldigvis for heimelaget vart det avblåst for offside, sjølv om Lars Kjetil stod mistenkeleg langt bak. Bjørn hadde to gode sjansar etter dette og dominerte spelet.
 
Stor Balestrandsjanse etter at Johannes heada gjennom til Kristján Ingi. Feilaktig avblåst for offside.
 
No bølga spelet fram og tilbake med gode moglegheiter til begge lag.
 
Roar headar så vakkert inn 1-0 etter 36.minutt. Smakte av offside, og her var det muligens den gongen Balestrand hadde dommaren på si side i kampen.
 
I det 42. minutt ser Roar at Bjørn keeperen står langt ute. Får til ein duppar frå 25 meter som desverre treff tverrliggaren heilt oppe i krysset.
 
44.minutt er gått då Gustav vert utvist etter å ha dytta ein Bjørn spelar. Verka noko strengt dømt på underteikna.
 
Etter  47 minutt scorar Rein etter pasning frå Kristján Ingi. Igjen avblåst for offside. Etter det eg kunne sjå var både gjennomspelinga til Kristján Ingi og pasninga til Rein offside, sjølv om heimelaget protesterte høglydt. 
 
Bjørn fekk så ein gratissjane etter at Balestrandforsvaret ikkje følgte med på eit kast. Påfølgande corner redda Rein på streken. 
 
I det 59. minutt tek Sven Arne eit flott frispart frå eigen banehalvdel heilt fram til Kristján Ingi som stussar ballen i mål. Då verka sigeren innafor rekkevidde, men ei merkeleg dommaravgjerd fekk Bjørn inn att i kampen.
 
Ein langt framspel enda med at ein Bjørnspelar datt overende utan at vi kunne sjå at det vart gjort noko gale frå Balestrand si side. Straffe og 2-1. Inspirert av dette tok Bjørn over meir av spelet og heada inn utlikninga etter corner etter 80.minutt.
 
Bjørn pressa på vidare, men det var Balestrand som fekk målet. Eit flott framspel frå Johannes vart kaldt lobba av Arnstein over ein utrusande keeper fem minutt før ordinær tid. 
 
Bjørn pressa på for utlikning, men etter heile fem overtidsminuttar blåste dommaren endeleg av og Balestrand spelarane og eit brukbart antal tilskodarar kunne puste letta ut.
 
Dette var nok ikkje den beste kampen Balestrand kjem til å spele denne sesongen. Høge skuldrar, dårlege mottak og dårleg touch prega laget i dag, men dette vil nok komme seg etter kvart. I fjor tapte Balestrand heime for Bjørn etter ei sein scoring. I år vinn heimelaget ein liknande slitekamp. Dette saman med Kristján Ingi er førebels den store forskjellen på Balestrand anno 2010 i forhold til fjoråret. Evna til å kjempe til seg trepoengerar i slike kampar er viktig om laget skal ha ambisjonar om å henge med i toppen av tabellen.
 
Ole Tjugum - 3 - usikker, fråværande i feltarbeidet, får pluss for enkelte gode redningar. Men må begynne å plukke ballar i feltet og snakke meir
 
Teodor Kvikne - 5 - litt uvenn med ballen, men ryddar opp i mange farlege situasjoner med farten sin. Sjeldan sett han så god i Balestrand drakta
 
Lars Kjetil Nordeide - 3 - sleit tydlegvis både med skade og høge skuldrar. Kjem nok derfor betre med etter kvart
 
Gustav Nesse - 4 - spelte ok dei minuttane han fekk på bana i dag
 
Sven Arne Lundeby - 4 - enkelte svært gode pasningar
 
Adrian Nesse - 3 - Usynleg i store deler av kampen
 
Johannes Nilsson - 4 - Periodevis usynleg. Enkelte lekre pasningar
 
Rein Arne Isane - 3 - usedvanleg svak dag. Har mykje å gå på
 
Roar Eriksen - 4 - Flott scoring, men sleit med å komme skikkeleg fram på venstrekanten
 
Eirik Thue - 3 - håplaus oppgave som einsleg spiss i 2.omgang, uforståeleg at trenarteamet ikkje sette han til å styre midtbana i staden.
 
Kristján Ingi Nesse - 6 BB - den store forskjellen på dei to laga i dag. Jobba iherdig. Viser at han har vore på eit høgare nivå
 
Magnus Algrøy - 4 - få feil etter 51.minutt for Lars Kjetil
 
Arnstein Menes - 23 minutt for Rein Arne. Lekker scoring! 
 
Øyvind Neset - 20 minutt for Eirik. Skulle komme inn som spiss lenge før med farten sin


Skrive av: Lars Kjetil Grinde (01.05.10 - 19:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935940 besøk, sidan 18. juli 2005