Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med kalassiger




Foto:Tambar cup

Jentelaget vann heile 12-2 over Lærdal på Lærdal stadion.

Første omgang var ei rar oppleving. Det var Lærdal som hadde det meste av banespelet, men Balestrand laga måla. Og det er jo som kjend måla som tel. 

Det starta riktig så bra for bortelaget frå perla ved Sognefjorden. Etter berre 5 minutt vart Oline spelt igjennom av Martine. Ei Oline i storform scora sikkert. Men, så var det mest Lærdal. Sjølv om Balestrand vart sett under press og eigentleg var ganske tafatte, fungerte forsvarsspelet godt. Lærdal kom til få store sjansar men fekk ein drøss med cornerar. Balestrand var imidlertid svært giftige på sine kontringar.

Lærdal etterlet seg store rom kvar gong dei kom framover på bana, noko som gav gode arbeidsforhold for Oline og Rebekka. Fire gongar i løpet første omgang vart det scoring på fine kontringar. Lærdal vart rett og slett kontra i senk. Det eine av måla (trur det var nummer tre) var høgdepunktet for kvelden. Ballen gjekk på få tøtsj til Oline ute på kanten som slo ballen perfekt inn føre mål der Rebekka kom frå motsatt side og breisida ballen i mål. Ei skikkeleg perle. Dermed 4-1 til pause ettersom Lærdal reduserte på ein av sine utallige cornerar.

I andre omgang tok Balestrand over banespelet. Lærdal hadde ganske bra banespel, men fekk ikkje forsvaret til å fungere. Laget klarte ikkje å falle av fort nok, og når så Martine og Mari tok meir og meir over midtbana vart det enkelt å slå gjennombrotspasningar i bakrom. Det vart til slutt heile 12-2 til bortelaget. Så får det heller vere at domaren berre fekk med seg 11 av måla slik at det offisielle resultatet vart 11-2. 

Masse skryt til heile forsvarsfiraren  som spelte både klokt og godt i denne kampen. Dei var flinke til å falle av og å jobbe for kvarandre.I andre omgang var midtbana og god. Spesielt Martine var i ein klasse for seg  i denne omgangen og fekk vist at det ikkje var tilfeldig at ho som ei av berre sju jenter i fylket f. 95 vart plukka ut i fotballkrinsen si toppgruppe. Framover på bana herja Oline med bortelaget sitt forsvar. Det vart stort sett farleg kvar gong ho fekk ballen. Enten scora ho eller ho la fine innlegg  frå høgre side. Samarbeidet mellom henne og Rebekka funka og kjempebra. Rebekka på sin side viste ein imponerande målteft og sette dei aller fleste sjansane. Ho var flink til å time løpa og plassere seg riktig, og scora til saman seks mål! Må vel seie at det er godkjend for ein 13 åring. 

Det er vanskeleg å vurdere prestasjonen. Lærdal var på langt nær så dårlege som resultatet skulle tilseie. Når dei får øvd seg litt meir og får satt forsvaret, blir dei nok langt vanskelegare å hanskast med. Må likevel seie at ein del av det Balestrandjentene presterte, både defensivt og offensivt, periodevis var riktig så bra og gjev von om mange gode fotballopplevingar denne sesongen.  


Kaptein Martine storspelte i andre omgang
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (29.04.10 - 21:33)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935262 besøk, sidan 18. juli 2005