Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med knepent tap mot Vik




Foto:Erik Hoel

Jentelaget tapte 4-3 mot Vik på Vik grusbane onsdag ettermiddag

Laget frå gamalostbygdi opna kampen klart best. Som vanleg var det ingen finfotball frå Vik sin side. Dei er imidlertid flinke i duellspelet og flinke til å kome etter med laget og sette press på motstandaren. Heimelaget gjekk opp i leiinga etter kvarteret etter at gjestane ikkje klarte å klarere ballen ordentleg innanfor eigen 16 meter og Vik kunne score frå kort hald. 

Etter scoringa vakna bortelaget og fekk i alle fall til litt banespel. Elsa, som debuterte som midtstoppar, slo ein fin stikkar igjennom til Rebekka som på nydeleg vis knalla ballen i boge over keeper og i mål. Berre nokre minutt etterpå var det Oline sin tur. Ei typisk Oline scoring der ho løp frå forsvaret og scora sikkert.

Begge laga hadde fleire sjansar ut over i omgangen. Oline var nære på fleire gongar, men enten skaut ho over eller var litt uheldig med tøtsjen på veg igjennom forsvaret. Like før pause utlikna Vik. Igjen var Balestrendingane for veike i duellspelet innanfor eigen 16 meter og Vik fekk slå ein krossar inn føre mål der ein av vertane sine spelarar fekk ein enkel oppgåve med å score frå kort hald. 

Også i andre omgang var det Vik som opna best. Balestrandjentene stod imidlertid godt i mot. Oline var eit stadig uromoment for Vik sitt forsvar og etter ei  fin forsering frå høgre og inn mot midten scora ho frå om lag 16 meter nede til venstre for keeper. Ei flott scoring.

Diverre gjekk det ikkje mange minutt før Vik igjen utlikna etter eit gjennomspel i midten. Vel ti minutt før slutt vart Oline klipt ned på veg igjennom forsvaret like innanfor 16 meteren. Eit klart straffespark. Likevel klarte domaren det kunststykket å døme frispark. Til overmål fekk heimelaget sine forsvararar stå alt for nær ballen på det påfølgjande frisparket. 

Fem minutt før slutt skjedde det som ikkje skulle skje. Vik gjekk opp til 4-3 etter eit unødvendig balltap på midtbana. Forferdeleg skuffande resultat. Balestrandjentene hadde i alle fall fortent eitt poeng. Ikkje nokon god kamp av nokon av laga, men Balestrand stod i alle fall for det som var av pasningsspel.  

Det var spesielt hyggeleg, men eigentleg ikkje overraskande etter det dei har vist på treningane i vinter, at alle våre tre 13 åringar på laget klarte seg så godt (Synnøve måtte ut etter allereie etter15 min). Spesielt likte underteikna Elsa sitt midtstopparspel. Sterkt av ein 13 åring å klare seg så godt mot fysisk sterke vikjer. I andre enden av bana fekk Rebekka og vist at det bur mykje fotball i henne og scoringa hennar var flott. Oline, som slit med vonde kne og difor ikkje har fått trena i det siste og var litt rusten i avslutningane, fekk vist noko av potensialet som bur i den kroppen. Eit pluss og til Anja som spelte sin andre kamp som keeper og som klarte seg veldig godt. Elles var det jamt over heile linja. 

Det er alltid vanskeleg å spele mot Vik, spesielt borte på grusbana. Det blir mykje ”kick and run” med mange duellar. Berre i korte periodar klarte jentene å ta ned ballen og spele ballen langs bakken slik me har øva på, og som me veit me kan. Forhåpentlegvis får me til litt betre pasningsspel når me får kunstgras under skoa. Savna og at midtbana kom raskare etter for å gje meir støtte til  spissane som vart litt for åleine.

Neste kamp for jentene vert bortekamp mot Lærdal komande onsdag. På kunstgras!


Oline har scora i 18 kampar på rad!
Foto:Erik Hoel



Skrive av: Alf Høyrem (24.04.10 - 17:20)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935277 besøk, sidan 18. juli 2005