Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gustav Nesse omsider klar for Balestrand




Foto:

Gustav er signert og overgangspapira er i orden. No kan han kle seg i blått igjen.


Det har eigentleg vore klart i ganske lang tid at Gustav skulle verte Balestrandspelar, men på grunn av vinterseriespel for juniorane til Høyang, har overgangen vorte utsett. Rett før påske skreiv Gustav under, og no er papira kome tilbake med bekreftinga på at han er klar for innsats for Balestrand.

Gustav er ei god forsterking for laget, og konkurrarar i utgangspunktet om plass i midtforsvaret eller sentral/defensiv midtbane.

Truleg er overgangen òg historisk, då det no er tre brødre med etternamn Nesse (Kristjan Ingi, Gustav og Georg) som alle spelar for Balestrand. Når ein tek med søskenbornet Adrian Wolff Nesse, så er familiegreina godt representert på A-laget inneverandre sesong.

Vi ynskjer Gustav velkomen tilbake til Balestrand!



Skrive av: Geir H (18.04.10 - 21:06)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943857 besøk, sidan 18. juli 2005