Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


NM-kamp på kreklingen sundag 11.04




Foto:eirik thue

Kreklingen stadion er vert arena for NM i fotball når Vik og Flora møtast til 1. kvalifiseringsrunde no sundag kl 15.00. Dette kan det vere kjekt å få med seg!

Det er Vik som er heimelag, men som på grunn av baneforholda i Vik må spele kampen her i Balestrand. Dei håpar då på heimestøtte også frå publikum frå Balestrand. Det må vi vel kunne gje gode grannar frå hi sida av fjorden?!

Begge laga spelar i Firdaligaen, eller 3. divisjon, denne sesongen. Med andre ord eit oppgjer der det er lov å forvente brukbar kvalitet på spelet. Flora veit vi jo også har lovande spelarar på aldersbestemte lag. Kan hende har nokon av dei teke steget opp på seniornivå - noko som i så fall også vil gjere det  interessant å sjå Flora som lag.

Når vi veit at Balestrand har ambisjonar, vil det også vere moro å sjå desse laga for å få ein målestokk. For eit scenario som ikkje er heilt utenkjeleg  - er jo at desse laga spelar i same divisjon som Balestrand neste sesong....   

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (08.04.10 - 20:08)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943948 besøk, sidan 18. juli 2005